Grim & Gryt vann gjevaste prisen
1_2_3_plass_hnf.jpg

11.01.2016
Grim & Gryt Økobryggeri som består av duoen Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad, vant laurdag kveld den gjevaste tradisjonsøl prisen her i landet under den årlege kåringa "Det norske måltid". Den lyse øla deira, 6060, gjekk heilt til topps.

Vi gratulerer!

Dei er framleis nok så ferske i denne bransjen, etter å ha starta opp brygging av økologisk øl i lokala der den nedlagde bensinstasjonen på Hareid ligg, så seint som i fjor. Frå det til å vinne prisen for årets beste tradisjonsøl i Norge under Det Norske Måltid, er noko duoen Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad ikkje hadde sett føre seg.

- Det var rimeleg uvirkeleg då eg fekk vite det. For oss har det å kome til finalen vore ein stor siger i seg sjølv. Å ta prisen for årets tradisjonsøl blant så mange gode kandidatar, og det å vere ein av tre på slutten der, det har vore heilt enormt, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Juryen begrunna prisen slik:

"Med utgangspunkt i landet sine mange ølbryggartradisjonar, står vi her ovanfor eit produkt som verkeleg reflekterer dette. God balanse av aroma, smak, friskheit og lukt. Ølet opplevast særs behageleg å drikke."

Vi gratulerer!

Les meir

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010