HNF og MAFOSS med felles brev til samferdeselsutvalet

05.11.2014
10. november skal samferdselsutvalet behandle ei sak vedr. 3 ferjer på sambandet Hareid - Sulesund. I det høve har HNF og MAFOSS skrive eit ope brev og gitt vårt klare syn på saken.

Til: Samferdselsutvalet
Kopi til: Møre og Romsdal fylkeskommune – samferdsel
Ulstein kommune
Hareid kommune
Sunnmørsposten
Vikebladet Vestposten
NRK                                                                                                                                                              Hareid 05.11.2014

 

Vedr.: Ferjesambandet Hareid – Sulesund
 
MAFOSS og Stiftinga Hareid Næringsforum (HNF) representerar brorparten av næringslivet på søre Sunnmøre. Hareid er eit av arbeidsmarknadsregionens største og viktigaste trafikale knutepunkt.

Siste tids utvikling i trafikkavviklinga ved ferjesambandet Hareid - Sulesund gjer at vi har fått mange attendemeldingar frå næringslivet i regionen. Det blir uttykt stor frustrasjon over situasjonen. Og det faktum at MF Ullensvang blir å trafikkere på sambandet frå 01.01 fryktar mange kjem til å forverre tilhøva ytterlegare.

Det ER ikkje billeg å halde til ute på øyane og drive verksemd. Alt skal fraktast både fram og tilbake og det til rett tid. Dette er kostnader (tid og pengar), både for arbeidsgivar og arbeidstakar, ein på fastlandet ikkje har. Soleis kan ein seie at fjorden er konkurransevridande. Ved å vanskeleg gjer person- og varetransporten til å frå Ytre Søre, vanskeleg gjer ein også tilhøva for framleis etablering og drift i området. Talet attståande bilar har auka betydelig og med heile 88,8 % i august og 68,8 % i september dette år. Det å ikkje gjere dei rette grepa med denne uhaldbare og dels kaotiske situasjonen, som utspeglar seg på ferjesambandet Hareid – Sulesund i aukande grad, er eit bidrag i denne konkurransevridinga. På eit så trafikkert samband burde lysregulering av filene være som sjølvsagt å rekne. Ei tredje ferje, i tillegg til dei to som trafikkerer sambandet pr. i dag, løyser utfordringane med attståande bilar.

Klarer ein ikkje å levere varer og tenester taper den enkelte arbeidstakar, så bedrift, dernest lokalsamfunn og til slutt ein heil arbeidsmarknadsregion.

BF Ullensvang fungerte som B – ferje på sambandet Hareid – Sulesund i store delar av veke 20 grunna årleg vedlikehald av ordinær ferje. Ein fekk då bekrefta at ferja ikkje klarte å halde oppsett ruteplan, talet attståande bilar tok seg betrakteleg opp og det vart registrert uheldige manglar innanfor helse / miljø / sikkerheit.

Sidan Ullensvang trafikkerte sambandet i veke 20 viser fersk statistikk at talet på køyretøy har auka ytterlegare. Fyrste halvår auka trafikken med 4,5%. Berre i september viser auken på 5,7 % vekst ( 74 346 køyretøy) og totalt 1646 køyretøy stod att. Bortimot 4000 av køyretøya er vogntog over 17 m. Av dei store kjøretøya på 22 m har auka vore på heile 20.4%. Tidvis er det kaos i området på ferjekaia.

Utviklinga av igjenståande køyretøy sidan 2010 viser ei solid auke
2010                      1665
2011                      1747
2012                      4616
2013                      6769
*2014                    10966
*dei tre siste mnd for 2014 er estimert basert på generell utvikling i 2014

Næringslivet og dets mange arbeidstakarar produserer og må levere til rett tid i respektive marknadar dagleg. Den stadig tøffare konkurransen krev at logistikken fungerar i alle ledd. Likeså er verksemder i heile regionen avhengig av arbeidskraft. Hareid – Sulesund sambandet er eit av dei viktigaste sambanda for næringslivet og arbeidsmarknadsregionen for å kunne oppretthalde trykket i ein av dei største næringsregionane og i landet.

No må det handling til – ei tredje ferje

Hareid – Sulesund er eit av dei viktigaste regionale trafikkale knutepunkta i næringsregionen. Det blir forventa, og vi presisera viktigheita av, at det blir sett inn nok kapasitet på sambandet. Trafikktala viser behov for ei 3. ferje på sambandet. Vidare blir det forventa at sikkerheit, regularitet og frekvens tilfredsstiller minimum dagens nivå samt aukar i takt med trafikkgrunnlag. Erfaring viser at MF Ullensvang i dette bildet ikkje er teneleg på sambandet Hareid – Sulesund.

Det blir forventa at ansvarshavande tek overståande klare attendemeldingar frå brukarane på alvor og fylgjer opp saken slik at ferjesambandet Hareid – Sulesund fungerar tilfredsstillande i tida framover. 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010