Jets sler eigen verdsrekord med ny millionkontrakt til fotball-VM i 2014

maquete_eletronica__jets_vm.jpg

09.11.2011
Jets AS med hovudkvarter i Hareid kommune utanfor Ålesund, har skrive ny rekordkontrakt på leveranse av eit vakuumbasert sanitæranlegg til Castelão stadion i Brasil. Arenaen frå 70-talet i Fortaleza på nordaust-kysten er no under full ombygging til verdsmeisterskapen i fotball om drygt to år, og med rom for 70.000 tilskodarar får den nesten like stor kapasitet som Old Trafford.

Toppar tabellen
Rekordbestillinga tikka nyleg inn frå Jets sin forhandlar i Brasil, Marco Cerulli i det vesle selskapet Tavola Engenharia. Den laud på heile 876 vakuumtoalett, og Castelão stadion får dermed verdas største vakuumsanitær-installasjon på land. Med det sler Jets sin tidlegare verdsrekord frå 2007 på 720 toalett, også den til eit bygg i Brasil, og tek altså både første- og andreplassen på tabellen.

Med båt til Brasil
I tillegg til toaletta skal Jets levere 12 av sine eigenutvikla Vacuumarator pumper, fordelt på 6 såkalla vakuum-unitar av typen 130MBA med 2 pumper i kvar. Systema blir produserte og monterte i Noreg, og skipa til Brasil med båt. Allereie 19. desember skal den første kontaineren av garde, med 146 toalett og ein vakuum-unit. Deretter går det slag i slag med i alt seks kontainersendingar over Atlanteren fram til februar.

Fleire i vente
Ordreverdien for dette eine stadionet er rett i underkant av tre millionar kroner, men over 10 slike stadionanlegg skal brukast under VM. Jets sin forhandlar i Brasil har difor jobba hardt i lang tid med å få vakuumbaserte sanitærløysingar inn i spesifikasjonen også for resten av desse anlegga. Resultatet av det arbeidet er at fleire stadion no har vakuumsystem spesifisert som eit krav. Totalt håpar Jets å få levere til mellom 3 og 5 VM-stadion, der nokre er større og nokre er mindre enn Castelão.

Sparer enorme vassmengder
Divisjonsleiar for avdeling Land & Transport i Jets, Bjarte Hauge, viser til fordelane med å bruke vakuumsystem på store idrettsanlegg:
- Sjølv med svært konservative reknestykke kan vi slå fast at dette stadionet sparer minst 500.000 liter vatn på kvar einaste kamp ved å bruke vakuumtoalett, i staden for å spyle litervis av drikkevatn ned i tradisjonelle toalett. Og det reelle talet er langt høgare enn 500.000 liter. Kloakkmengda blir sjølvsagt redusert like mykje, så avfallsvolumet blir også berre ein brøkdel samanlikna med vanlege toalett. Og sidan Brasil har store utfordringar med infrastruktur for vassforsyning og kloakk, blir dette ein vinn-vinn-situasjon, seier han.

Store tankar vanleg
Det er ei kjend problemstilling at stadion av denne storleiken må installere store vasstankar for å dekkje behovet til toalettspyling og vask, når eit stort antal tilskodarar skal på toalettet i løpet av ein kamp. Og det gjeld ikkje berre Brasil. Borg El Arab stadion i Egypt har installert vasstankar på 2 millionar liter, eller 2.000 kubikkmeter. Suncorp stadion og Etihad stadion i Australia har over 1 million liter kvar på sine tankar for å ha nok vatn tilgjengeleg.

Sparer areal og pengar
- Den offentlege vassforsyninga klarar rett og slett ikkje å levere nok vatn i dei periodane bruken er mest intens. Og tankar på fleire tusen kubikkmeter tar naturlegvis opp mykje plass som kunne vore brukt til betre formål. Men ved å bruke Jets har Castelão stadion sikra seg at toaletta spyler ned med berre ein liter vatn, og vasstankane på slike stadion kan då dimensjonerast kraftig ned for å spare areal – noko som også gir store økonomiske utslag, sler Hauge fast.

Lettare å følgje FIFA-krav
Han meiner det også konstruksjonsmessig er ein fordel med vakuumrør:
- Rørdimensjonen blir redusert frå 110 milimeter til 50 milimeter, og vi kan legge vakuumrøra både horisontalt bortover og oppover. Dette løyser mange av utfordringane som utbyggjarane kjem bort i når dei skal følgje FIFA sine krav om nærleik til toalett uansett kvar ein sit på stadion. Desse konstruksjonsmessige fordelane saman med vass- og kloakkbesparelsane har gjort at Marco Cerulli i Brasil kunne overbevise både arkitektar og byggherrar, og han har gjort ein fantastisk innsats med dette, seier Hauge.

Langsiktig arbeid
Han utdjupar om innsatsen: 
- Det er slett ikkje berre å spasere inn døra med ein relativt ukjend sanitærteknologi og tru at ein skal få gjennomslag for den. Prosessen med å få vakuumsystem inn i byggspesifikasjonar har vore lang og krevjande, men gjennom eit godt samarbeid med denne aktive og profesjonelle forhandlaren i Brasil fekk Jets tilslaget på Castelão i slutten av november. Tavola med Marco Cerulli i spissen har tidlegare levert system frå Jets til fleire store næringsbygg og Uninove universitet i São Paulo, og kunne dermed vise stadionutbyggjarane at vakuumtoalett ikkje berre eignar seg for bruk ombord på skip. Det er altså fruktene av eit veldig langsiktig arbeid vi haustar med denne kontrakta, påpeikar Hauge.

Store ringverknader
Han er overtydd om at Castelão stadion vil få stor betydning som framtidig referanse, og trur bygget vil skape større innpass for Jets sine løysingar. Med så stor synlegheit som eit VM-anlegg har, kan installasjonen gi store ringverknader og sterkt auka aktivitet for Jets på den svært lovande brasilianske marknaden.

Ein døropnar
- Gjennombrotet vårt i Brasil kom i 2007 med Uninove universitet, som no blir verdas nest største vakuuminstallasjon. Då fekk vi foten innanfor døra. VM i 2014 blir døropnaren, og vil skape tryggleik i Brasil for at det til dels ukjende vakuumkonseptet vårt er eit overlegent alternativ til tradisjonelle toalett. Det gir i sin tur breiare aksept for vakuumløysingane våre i byggmarknaden over heile Brasil. Men dette er også eit viktig globalt utstillingsvindu for Jets i fleire samanhengar, for til neste VM vil det kome delegasjonar for å studere kva løysingar som vart brukt i Brasil. Eg skulle gjerne vore der når dei spør korleis brasilianarane har gøymt vasstanken på tusen kubikkmeter så godt, ler divisjonsleiaren.

Fleire divisjonar opp
Jets er ikkje heilt ukjende med sanitærsystem til idrettsanlegg. Allereie tidleg på 1990-talet vart det installert Jets vakuumtoalett på Høddvoll stadion i Ulsteinvik, nokre kilometer unna selskapet sitt hovudkontor. Desse toaletta er framleis i drift, men kan naturleg nok ikkje måle seg med det anlegget som no skal sendast til Brasil. – For å bruke fotballterminologi, går vi definitivt opp nokre divisjonar innanfor stadionbygg med denne kontrakta, avsluttar Bjarte Hauge med eit smil.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.7907311

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010