Kven var eigentleg først på Nordpolen?
polarkveld_30_01_2015_docx.jpg

27.01.2015
Fredag 30. januar kl. 19 er det klart for årets første polarkveld på Ishavsmuseet. Først ut i denne nye sesongen er Olav Orheim. Orheim er glasiolog og han har leia mange ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis. Han tok doktorgrad i glasiologi ved Ohio State University, og vert i dag rekna som ein av verdas leiande isbreforskarar.

Fredag 30. januar kl. 19 er det klart for årets første polarkveld på Ishavsmuseet. Først ut i denne nye sesongen er Olav Orheim. Orheim er glasiolog og han har leia mange ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis. Han tok doktorgrad i glasiologi ved Ohio State University, og vert i dag rekna som ein av verdas leiande isbreforskarar. Orheim byrja først hjå Norsk Polarinstitutt i 1965 som vitskapelig assistent. Seinare var han direktør for Norsk Polarinstitutt i 12 år.
Han hadde også ei sentral rolle i oppbygginga av forskings-stasjonen Troll i Dronning Maud Land. Han er også kjent som initiativtakar til Norsk Bremuseum i Fjærland og til opplevingssenteret Polaria ved Polarmiljøsenteret i Tromsø. Orheim har hatt verv som styreleiar for Polaria, Norsk Bremuseum i Sogn, og har i ei årrekkje vore styreleiar i Frammuseet.

Orheim har vore 17 gongar i Antarktis, derav 10 av gongane som leiar for norske og internasjonale ekspedisjonar. Orheim har sett sterke spor etter seg som initiativtakar og pådrivar for polarforsking, særlig i Antarktis. Han har også vore åtte summarar som forskar på Svalbard og Jan Mayen.
Som direktør for Norsk Polarinstitutt stod Orheim for den høgtidssame opninga av det nye Ishavsmuseet i Brandal i 1999, og i 2007 vart han utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Til Ishavsmuseet kjem han med foredraget «Kven var eigentleg først på Nordpolen».
Det synes no klart at korkje Cook, Peary eller Byrd kom heilt fram til Nordpolen. Så mange trur nok at Wally Herbert tok den rekorden, men det er feil, han kom eit år for seint. Så kven kom dit over drivisen i 1968?
Med fallskjermhopp og undervassbåt kom militære frå Sovjet og USA der enda mykje tidligare, som oftast utan mediemerksemd, i motsetning til dei som planta flagget på havbotnen!
I dei seinare åra har det vore ei rekkje svært imponerande fysiske prestasjonar over polisen, også utan støtte, og i vinternatta. Etablering av turistinnkvartering på Nordpolen frå 1993 har vidare ført til eit heilt nytt sett av originale rekordar.

På Ishavsmuseet fredag får vi altså svaret på kven som eigentleg var først på Nordpolen.
Etter foredraget vert det i kjend stil servert middag, og denne gangen er det klippfisk med alt godt av tilbehør som står på menyen.
Påmelding til museet ved middag.

Vel møtt!

Bestilling:
tlf resepsjon 700 92 004
tlf kontor 700 92 900
Mob 95 11 76 44

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010