Månadens bedrift: Dimo AS

04.09.2015
Næringslivet i Hareid er mangfaldig og vi kjem i tida framover til å presentere ei ny bedrift med jamne mellomrom.

Namn bedrift: Dimo AS
Dagleg leiar: Stian Garnes
Antall tilsette: 20 tilsette
Omsetning: 46 mill
Bedrifta er lokalisert: Godsterminalen Hareid

Kort presentasjon av bedrift:
Dimo AS er ein totalleverandør av hydrauliske system og komponentar til offshore-, marine- og landbasert industri. I tillegg er Dimo ein Parker distributør som sikrar oss kvalitetsprodukt til konkurranse dyktige prisar. Parker er ein verdsleiande leverandør innan hydraulikk og hydrauliske komponentar. Dimo AS er ISO 9001:2008 sertifisert.

Kva motiverar dei ansatte til å jobbe i Dimo AS:  
Her er varierte arbeidsoppgåver, korte beslutningsprosessar og lokalt eigarskap. Vidare er det ei lita lokal bedrift med eit godt arbeidsmiljø.

Nemn minst ei positiv hending for bedrifta siste året:
Etter lang tids venting fekk Dimo kjøpe bygget på Godsterminalen og i tillegg vart reguleringsplanen godkjend. Dette gjev eit godt utgangspunkt for å utvikle verksemda vidare. Og so må det nemnast at det har vore positivt for verksemda å lukkast i nye marknadar.

Kva fordelar er det ved å drive næring i Hareid: 
Nærheita til kundane og marknaden. På Hareid er ein plassert "midt i smørauget".

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010