Næringsareal

11_kommuneplankart_a0_2012.jpg

I Hareid finn du store næringsareal knytt til både sjø og land. Det sjøbaserte næringsarealet har godt tilflot og ligg i lé for vær og vind. Det landbaserte industriområdet ligg i nærleiken til riksvegen. Under les meir ser du kva næringsareal som som finnast her.

Myrane industriområde:
Dette feltet er ferdig regulert og forhandlingar om grunnkjøp er i gang. Området har ein storleik på ca 106 daa.

Raffelneset industriområde:
• Området har allreie fleire etablerte aktørar og to av selskapa, Ulmatec Stromek og Hareid Group, legg opp til ei storstillt utbygging i tida framover.
• Kommunen sitt areal er regulert til industriføremål både gjennom reguleringsplan av 1986 og kommuneplan av 2012. Delar av dette skal iflg planen utfyllast innan ein 5 års periode. Utfyllingsarbeidet er allereie i gong
• Industriområdet har ei framregulert ny sjølinje som gjer industriområdet attraktivit for sjøbasert næringar.
• Raffelneset er eit av få område langs kysten som utmerkar seg med omsyn til tilflot, det faktum at området ligg i lé for vær og vind, men likevel har nærheit til storhavet.

Risneset industriområde:
Dette er ein av fleire arealreserver i kommunen.
• Gjennom reguleringsplan for Risneset - plan av 1983 - er om lag 700 daa regulert til industriføremål. Området er berre delvis opparbeidd, og er venteleg den einaste arealreserven og realistiske framtidige lokaliseringa for større, tyngre og arealkrevjande mekanisk produksjonsindustri i kommunen.
• Detaljregulering igjenstår
• Godkjent Landskapsplan frå 2008. Den skal være retningsgivande for framtidig detaljregulering og utviding av industriområdet.
• Avtaler om steinuttak fram mot 2018
• Av det samla arealet som er regulert til industri-/utbyggingsføremål er om lag 80 dekar i kommunal eige.

For meir informasjon, ta kontakt med oss.

eigedomar_eigd_av_hareid_kommune_innafor_raffe.pdf
Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010