
Coop Prix Hareid trer fram som ein av dei beste butikkane i Coop Vest

19.10.2011
Topp service frå ei flott betjening er ein av grunnane til at Coop Prix Hareid har auka omsetnaden dei siste åra. Butikkeigar Grete Elvanes og hennar ansatte har ved hjelp av klare mål og hardt arbeid klart å snu ei bedrift til å bli ei av dei største solskinnshistoriene i Coop Vest.
Butikksjef Grete Elvanes gir sine medarbeidarar ros for den måten dei møter kundane på. Samtidig seier ho at det ligger en klar tanke og mye arbeid bak den positive utviklinga. Elvanes fortel at då ho tok over som butikksjef for 3,5 år sidan sleit butikken med raude tal og dei hadde då ei omsetning på rundt 24 mill. I år ligg dei an til å bikke 31 mill og resultatet ser ut til å bli dobbelt så stort som i fjor.
- Vi har eit målretta fokus på svinn; kva som blir kjøpt inn og kva som blir kasta. Det siste blir det stadig mindre av. Vi forsøker også så langt det let seg gjere å ta inn varer som står på ynskjelista til våre kundar. Vi tilpassar oss på den måten marknaden. God opplæring og oppfølging av ansatte er òg viktig, fortset Elvanes. – Vi opplever at Coop Prix Hareid er ein populær arbeidsplass blant unge, avsluttar Elvanes.