Døgnopen automatsone hjå Sparebanken Møre på Hareid

dsc_0006.jpg

05.12.2011
Sparebanken Møre har innført døgnopen automatsone i banklokala på Hareid. Samstundes framstår interiøret med nye friske fargar.

Sparebanken Møre satsar på Hareid. - Ved å innføre døgnope automatsone tilpassar vi oss endå betre den nye tida og kan med dette gi kundane våra endå betre rådgivning, seier banksjef Melinda Skeide ved Sparebanken Møre på Hareid. Kompetanseheving blant ansatte har dei siste åra fått høg fokus og innan kort tid er alle ansatte autoriserte som finansielle rådgjevarar. Dette vil seie 12 tilsette, fordelt på kontora i Ulstein og Hareid, er med dette ferdige med autorisasjonen. Sparebanken tel i dag 30 kontor rundt om i fylket. For oss er nærleiken og kjennskapen til lokalmiljøet ein av våre styrkar som bank, seier den nye regionbanksjefen Kjell Brudevoll i eit intervju til Vikebladet / Vestposten.
 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010