Frukostmøte 28. oktober kl 0800

kaffekopp539.jpg

05.10.2011
HNF inviterar sine medlemsbedrifter fredag 28. oktober kl. 0800 - 0845 på Hareid Hotell til nytt frukostmøte. 

Dette skal være ein uformell arena der næringa kan møtest over ein kopp kaffe, ei grovskive og snakke over bordet. Gjesten denne gongen er Ålesund Kunnskapspark sin nye industriinkubator for søre Sunnmøre.

I "verftspakken" frå regjeringa vart det løyvd midlar til 5 inkubatorstillingar på landsbasis. To av disse stillingane hamna i Møre og Romsdal - ei på søre Sunnmøre og ei på nordre Sunnmøre.

Ålesund Kunnskapspark administrerar disse to inkubatorstillingane. Robert Voldnes er tilsett som industriinkubator for søre Sunnmøre og har kontor i Ulsteinvik. Han kjem for å orientere kort om korleis verksemdene kan nytte seg av inkubatorordninga.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010