Mange på Norway Pelagic sin open dag 26. november

logo_np959.jpg

28.11.2011
Nærmare 300 personar tok turen til Norway Pelagic sin open dag laurdag 26.11. - Dette var veldig kjekt, seier dagleg leiar Rune Hoddevik.   

Opplevingane var mange for dei som besøkte Norway Pelagic på deira open dag 26.11. Som eit av dei største mottaka for pelagisk fisk i Norden opna bedrifta dørene for publikum for fyrste gong denne dagen. Og publikum lot seg fasinere; anlegget var i full drift og dei besøkande fekk sjå kva som skjer med silda frå ho kjem med båt til kai, ubehandla, til ho er ferdig foredla og klar for utskipning. Konkurransar, stort sildebord, vakker song av Atle Remøy og utstilling av mange spennande fiskeartar var noko det ein fekk oppleve.

Open dag stafetten er i gangsett av Hareid Hotell og Hareid Næringsforum. Vi vil lyfte fram og betre kunnskapen om bedrifter og kva næringsliv som finnast i Hareid. Mangfaldet av næringar i kommunen er stort. Mange av industribedriftene er leiande aktørar innafor sine bransjar.

Tidlegare har J.E Ekornes avd. Hareid, Spenncon, Ulmatec / Stromek, Hønseriet, Jets og Hareid Group hatt sine opne dagar.

Norway Pelagic var siste bedrift ut i 2011. Vi fortsetter stafetten til nye og spennande bedrifter ut på nyåret i 2012.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010