
Norway Pelagic inviterar til open dag 26. november

17.10.2011
Norway Pelagic er neste bedrift ut i Open dag stafett. Dei opnar dørene for publikum 26 november. Bedrifta har på den tida full drift og vi får sjå eit av norges største pelagiske anlegg for sild og makrel i drift.
Open dag stafett er eit prosjekt initiert av Hareid Hotell og Hareid Næringsforum. Vi vil lyfte fram og betre kunnskapen om bedrifter og kva næringsliv som finnast i Hareid. Dette vil vi gjere ved at bedriftene opnar dørene sine for lokalbefolkninga og fleire til - slik at vi får sjå kva som blir produsert, på kva måte og til kven.
Tidlegare har t.d J.E Ekornes avd. Hareid, Spenncon, Ulmatec / Stromek, Hønseriet, Jets og Hareid Group hatt sine opne dagar.