Open dag stafett; Hareid Group 15. oktober

hg__logo.jpg

20.09.2011
Open dag stafetten rullar vidare og Hareid Group grip stafettpinnen under Hareidsstemna og arrangerar open dag 15.10.

Hareid Group er eit stort, lokaleid konsern med mange dotterselskap. Konsernleiinga og eigarar opnar denne dagen dørene og ynskjer publikum velkomen til ein spennande presentasjon av verksemda. Hareid Group arrangerar sin open dag i samarbeid med Hareid Hotell og Hareid Næringsforum.

Open dag stafetten er i gangsett av Hareid Hotell og Hareid næringsforum. Vi vil lyfte fram og betre kunnskapen om bedrifter og kva næringsliv som finnast i Hareid. Dette vil vi gjere ved at bedriftene opnar dørene sine for lokalbefolkninga og fleire til - slik at vi får sjå kva som blir produsert, på kva måte og til kven.

Tidlegare har t.d  J.E Ekornes avd. Hareid, Spenncon, Ulmatec / Stromek, Hønseriet og Jets hatt sine opne dagar.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010