Vellukka open dag ved Hareid Group

hg__logo538.jpg

17.10.2011
Mange valgte å ta turen til Hareid Group laurdag 15.10 då bedrifta baud inn til open dag. Konsernleiinga, eigarar og ansatte var tilstades for å ynskje publikum velkomen til ein innhaldsrik presentasjon av Hareidskonsernet. Tett oppunder 300 personar besøkte bedrifta denne dagen.

Publikum fikk gjere seg kjent med bedrifta gjennom ulike stands. Det vart presentert 5 område ; Konsern – Handel – Totalleverandør Maritim  - Totalleverandør Bygg/ Industri/Infrastruktur – Tavle-/Pultproduksjon.

Publikum fekk også moglegheit til å prøve ulike aktivitetar som til dømes å montere enkle koplingar saman med lærlingar og styre ulike simulatorar.

Hareid Hotell serverte god tapas og borna kosa seg med pølse og is.  

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010