
Velkomen til Hareid Group

8.11.2012
Hareid Group består av elleve selskaper, i hovedsak innenfor fagområdet elektro. Sammen utgjør disse et konsern som gir deg en trygg og pålitelig total - leverandør til dine prosjekter.
Sette ein ny standard for festivaltoalett

11.12.2012
Etter cupfinalefesten på Youngstorget har Jets Vacuum fått mykje skryt for toaletta som var i bruk. Ein av selskapet sine kundar i Nederland, Port-O-Let, var hyra inn til å levere toalettkabinar med vakuumtoalett frå Hareid til finalefesten. Dermed vart sanitærtilhøva på Youngstorget langt betre enn det ein vanlegvis finn på slike tilstelningar, der plastbåsar av utedo-varianten er mest brukt.
Ny polarbok frå Ishavsmuseet; «Soga om Aarvak»

03.12.2012
Ishavsmuseet er ute med bok nr. seks i serien «Skuter av tre – mannskap av jern».
T. Riise med ny profil og nyopning av ombygd butikk

12.11.2012
8. november opna T.Riise ny butikk etter fleire dagar med ombygging. Kundane strøymde til og Johs Riise ytra seg svært nøygd med responsen, - ein fantastisk start, smilte den blide butikkdrivaren.
Opningstider i desember

03.12.2012
Forretningane i Hareid utvidar opningstidene i desember og legg soleis tilrette på beste vis for at du kan gjere julehandelen i ro og mak.
Aarvak 100 år i 2012

17.04.2012
Ishavsmuseet i Brandal byr på eit rikhaldig program igjennom heile året i anledning jubileet.
Bedrifta E - Design fyller 30 år i 2012

20.01.2012
Bedrifta E - Design fyller 30 år i år og planlegg feiring gjennom heile året.
10. desember startar julelotteriet

03.12.2012
10. - 21. desember pågår julelotteriet i Hareid. Alle handlande er frå denne datoen med i treknninga av gåver og gåvekort til ein verdi av inntil kr. 10 000.- Trekning blir fredag 21. desember kl. 1700 i parken.
Velkomen til Hareid!
Julegrana blir tendt 1. desember kl. 1600

28.11.2012
Julegrana i Hareid blir tendt i parken, laurdag, 1. desember kl. 1600. Juletonar av Hareid skulekorps og Melshorn samt appell av Jens Terje Johnsen skal saman med gange og sang rundt juletreet få oss i god julestemning. Hareid Ten Sing vil også ta del. Avslutningsvis dannar vi eit juletog og går bak korpset til bedehuset der KFUM / KFUK byr på førujulsarrangement.
Velkommen!
Frukostmøte 30. november - sesongavslutning

28.11.2012
30. november byr vi inn medlemar til siste frukostmøte før jul. Gjest denne fredagen er Dag Flem Jacobsen frå Rolls Royce Marine i Hjørungavåg. Og sjølvsagt; god mat og drøs rundt borda... Sted er Hareid Hotell kl. 0800 - 0900.
Vi gratulerer Hødd med Cupfinale sigeren!

Aasen Bil - demontering melder om stigande trafikk

12.10.2012
Til tross for auka bemanning pr. juli i år jobbar dei tilsette hardt for å klare å ta unna alle førespurnader og bestillingar om dagen melder Jonny Aasen ved Aasen Bil – demontering. - Dette er ei svært gledelig utvikling, kommenterar Jonny Aasen.
Hareid Hotell tilbyr fylgjande i tida framover

16.10.2012
Hareid Hotell har den siste tida vore i ei omstillingsperiode som følgje av ein stadig meir utfordrande marknad. Hotellet har dei siste åra gjort fleire grep for å møte utfordringane, m.a renovering av hotellet, oppgradering av både romma og av puben med endring av namn til Sans, og satsingar på forskjellige arrangement. Ikkje alle satsingane har fungert i den grad vi hadde håpa på, og ei omstilling har vore naudsynt for drifta av hotellet, fortel adm dir Linda Haddal Røssevoll.
Mange besøkte Vital Base på Open dag 13. oktober

16.10.2012
Ca 230 personar tok turen til Vital Base As laurdag 13.oktober under deira open dag. Der fikk dei frammøtte være med på ein presentasjon av bedrifta, omvisning i pågåande produksjon samt lett servering. - Dei frammøtte såg ut til å kose seg og blant dei tilsette var det stor begeistring, oppsumerar John Rune Furnes, arbeidande styreformann i selskapet.
Sjå video her http://www.facebook.com/v/123944114423044
Korleis vil du at Hareid skal sjå ut i åra framover...?

25.10.2012
Også i år byr Hareid Næringsforum inn politikarar og administrasjon i Hareid kommune samt eigne medlemar til møte. Dato for møte er 7. november kl. 1900 på Hareid Hotell.
Korleis vil du at Hareid skal sjå ut i åra framover?

11.10.2012
Hareid Næringsforum byr inn medlemmar, politikarar og administrasjonen i Hareid kommune til eit felles møte 7. november 2012 kl. 1900 på Hareid Hotell. Tema blir sentrumsutvikling og Odd Midtskog vil gjennom sitt foredrag fokusere på tall, fakta, myter og trendar.
Velkomen!
Ishavsmuseet inviterar til minnemarkering

29.10.2012
Ishavsmuseet markerer minne; 50 år sidan den tragiske gruveulykka i Kings Bay, Ny-Ålesund. Formidlingsleiar og konservator Herdis Lien på Svalbard Museum vil holde foredrag om Kings Bay samfunnet og ulykka som ramma Estergruva 5. november 1962. Herdis Lien held foredrag på Ishavsmuseet fredag 2. november kl. 19.00.
Frukostmøte 26. oktober kl. 0800 - 0900
på Hareid Hotell

25.10.2012
Gjest denne morgonen er Einar Åsen v/ Kirkedata AS. Som ny medlem i HNF vil han presentere denne spennande bedrifta og fortelje korleis dei jobbar.
” – Velkomen til ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”
Brandal - konferansen er i gong

25.10.2012
Brandal - konferansen starta i dag. Stor spennvidde i foredragshaldarar, godt program og kjappe ordvekslingar oppsummerar konferansen så langt. Konferansen held fram utover ettermiddagen i dag, samt i morgon.
Brandal - konferansen 25.-26. oktober 2012

25.10.2012
Brandal - konferansen 25. - 26. oktober 2012 - Ei Sunnmørsk idékonferanse for selfangstnæringa.
123Neste |