Aasen Bil - demontering melder om stigande trafikk

bilreparasjon__hnf.jpg

12.10.2012
Til tross for auka bemanning pr. juli i år jobbar dei tilsette hardt for å klare å ta unna alle førespurnader  og bestillingar om dagen melder Jonny Aasen ved Aasen Bil – demontering. - Dette er ei svært gledelig utvikling, kommenterar Jonny Aasen.

Siste halve året har vi registrert ei merkbar auke i antal foresørsler på mail og telefon. Trykket har auka jamnt og trutt, seier Jonny Aasen. Vi ansette ein ekstra mann i juli og det har kome godt med utover sommaren og hausten. Jonny fortel at forespørselane kjem frå heile landet og at dei sender gjennomsnittleg 20 forsendelsar dagleg.

Alt dette skjer samstundes som vi driv og utbetarar lokalitetane og forbetarar internloggistikken, så vi har ein spennande og utfordrande kvardag, kommenterar Aasen.

-Vi har vore jamne på marknadsføring siste åra og meiner at vi no ser resultatet av dette samt at vi er godt i gang med å bygge oss opp eit navn og rykte i marknaden. I tillegg har vi satsa mykje på å gjere delane tilgjengelege på nettet og dette er det mange kundar som set pris på, legg Aasen til.

I sommar byrja vi også å selge nye dekk, både av kjente og mindre kjente merker. Dette har blitt godt motteke i marknaden. Her sel vi på pris, avsluttar ein engasjet Aasen.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010