Bedrifta E - Design fyller 30 år i 2012

30.jpg

20.01.2012
Bedrifta E - Design fyller 30 år i år og planlegg feiring gjennom heile året.

E - Design starta opp for 30 år sidan og har sidan den gong hatt ei jamn og fin utvikling. Dei har spesialisert seg på bunadssaum og har verkstad både på Valderøya og Hareid i tillegg til to butikkar som har eit breit utval av interiørartiklar. - Det starta på loftet hennar mor, fortel Ane Sofie R. Blindheimsvik ved butikken på Hareid. For 10 år sidan opna mor Elin Rørvik fyrste butikken på Valderøya og for 4 år sidan kom verksemda til Hareidlandet. - Alle våre handverkstenester blir utført lokalt, ingenting blir sendt vekk for bearbeiding. Dette er det mange kundar som set pris på fortel Blindheimsvik. Bunadssaum er eit handverksfag med lange og djupe tradisjonar. - Vi set kvalitet i høgsetet og tilverkar alt lokalt. Bunad er populert og det er gledeleg å sjå at også herrane har vorte meir bevisste på å nytte dette stasplagget. -Kundane våra kan gledje seg; E - Design kjem til å markere 30 - års jubileet på fleire måtar igjennom heile det komande året, avsluttar Blindheimsvik med eit smil.  

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010