Frammuseet og Ishavsmuseet har inngått samarbeidsavtale

willy_nesset_ishavsmuseet_og_geir_kl_ver_f324.jpg

27.01.2012
Under ein svært vellykka polarkveld på Ishavsmuseet onsdag 25. januar, som markerte starten på eit aktivt museumsår 2012, vart det signert ein samarbeids avtale mellom Frammuseet i Oslo og Ishavsmuseet på Brandal.

Gjennom hausten og vinteren har partane hatt fleire gode samtalar om eit framtidig samarbeid. Ishavsmuseet har lenge hatt ein klar intensjon om og lyfte Ishavsmuseet opp på eit enda høgare nivå både fagleg og kompetansemessig, og det er viktig for Ishavsmuseet å stå fram som ein sentral aktør blant dei polare samlingane i Noreg.

Avtalen gir også signal om korleis landets mest kjente polarmuseum ser på Ishavsmuseet som ein viktig aktør i polar Norge. Begge partar er samde om at intensjonen med avtalen er at også dei andre polare museum i Noreg etter kvart skal verte ein del av dette samarbeidet. Begge partane har også hatt kontakt og samtalar med samlingar i andre land.

Denne avtalen styrkar banda mellom desse to musea, og vil vere med på å utvikle musea i ein  felles strategi der det høver for forvaltning, forsking, formidling og fornying. Avtalen inneheld styrking av den faglege kompetansen, utvikling av formidlingsarbeid, formalisere det faglege samarbeidet, og formidle kunnskap og auke interessa for den polare historia og menneska i fortid, samtid, og framtid. Vidare skal vi samarbeide i og utvikle det faglege nettverket, styrkje kompetansen og utveksle informasjon mellom dei to musea. Viktig vert også dei felles møta, styrking av den historiske dokumentasjonsbasen og styrkje banda mellom dei polare musea i Noreg.

Ishavsmuseet Aarvak er svært nøgde med denne avtalen som vil vere med på å grunnfeste dei planar og mål som museet i Brandal har hatt over tid for å verte ein enda meir sentral aktør i polar Noreg. Vi har sakna desse tette banda inn mot polarmiljøet, og ser no med forventning og inspirasjon fram til å utvikle dette vidare til det beste for museet vårt.  Denne avtalen stadfestar også museets grunntanke om formidling av vår viktige polarhistorie, og at vi har sterk fokus på dette. I så måte kunne vi ikkje finne ein betre samarbeids partnar å utvikle dette arbeidet på, enn Frammuseet i Oslo skriv Ishavsmuseet i Brandal i ei pressemelding.

Bilde: Wily Nesset, Ishavsmuseet og Geir Kløver, Frammuseet.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010