Hareid Hotell tilbyr fylgjande i tida framover

hh_farge.jpg

16.10.2012
Hareid Hotell har den siste tida vore i ei omstillingsperiode som følgje av ein stadig meir utfordrande marknad. Hotellet har dei siste åra gjort fleire grep for å møte utfordringane, m.a renovering av hotellet, oppgradering av både romma og av puben med endring av namn til Sans, og satsingar på forskjellige arrangement. Ikkje alle satsingane har fungert i den grad vi hadde håpa på, og ei omstilling har vore naudsynt for drifta av hotellet, fortel adm dir Linda Haddal Røssevoll.

Adm dir Linda Haddal Røssevoll seier vidare at dei i tida framover tilbyr fylgjande:

Sans
I dag har Sans ope kvar laurdag. Fredagane ved arrangement. Sans er også eit egna lokal som vi leiger ut til diverse arrangement som personalsamlingar, bursdagar m.m. 

Restauranten
Vi samkjører kjøkkendrifta med Hotell Ivar Aasen, så råvarer og kjøkkenpersonell har vi tilgjengeleg til ei kvar tid. Vi har ikkje redusert på meny tilbodet, vi tilbyr fortsatt lunsj, dagens middag, 2- retter og 3- retter middag, lunsjbuffet, middagsbuffet, tapasbuffet og koldtbord. Endringa inneber at gjester og bedrifter må bestille dette på førehand. Vi har i dag open restaurant med tilbod om dagens middag, utan bestilling på førehand, måndag, tysdag og onsdag frå kl 17:00 til 21:00.

Frokost
Frokost er også eit viktig måltid. Vi har derfor på kvardagane vår kokk Maria til å stå for frokosten frå kl 06:00 om morgonen. Med nystekte speilegg, bacon og innbydande tallerkenar med variert pålegg har vi mottatt mykje ros for vår frokostbuffet. I tillegg freistar vi våre gjestar med brød frå United Bakeries.

Catering
Vi tilbyr catering av alle menyane som vi har ved bestilling på førehand. Dagens middag og lunsj må vi ha bestilling på seinast  dagen før.

Kurs og konferanse
Her har vi ingen endringar. Vi tilbyr kurs- og konferanserfasilitetar som vi alltid har gjort. Vi har opplevd den seinare tid at fleire bedrifter, ikkje berre i Hareid, men i kommunene rundt oss, har oppdaga våre flotte kurslokaler som vi er svært stolte av.

Marknadsavdelinga vår
Kjetil Kriken frå Ørsta er vikar for vår markandssjef Toril Overå.
Kjetil, kjetil@regius.no  er opptatt av å halde ein tett dialog med næringslivet og er i tida framover i ein prosess med å gjere seg kjende med næringslivet på Hareid og omegn.

Vi vil kome med fleire nyhende i den næraste tida, mellom anna ny heimeside og arrangement både på Hareid Hotell og i samarbeid med Hotell Ivar Aasen i Ørsta, avsluttar adm dir Linda Haddal Røssevoll.

 

 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010