Holstad Rørservice AS er kåra til årets handelsbedrift i Hareid

dsc_0020957.jpg

08.02.2012
Holstad Rørservice er kåra til årets handelsbedrift i Hareid for 2011. Det var eit stolt ektepar Holstad som mottok prisen i morgontimane i dag under kåringa på Hareid Hotell.  - Det er godt å få anerkjennelse for den satsinga som har vorte gjort. Dette er ein pris vi deler med dei ansatte, sa Roar Holstad.

Holstad Rørservice er ei bedrift som starta med rørleggerverksemd i 1973. Vidare vart VVS butikken opna i 1986 og Badebutikken i 2009. I tillegg har Holstad Rørservice ei industriavdeling på Raffelneset. Bedrifta har utvikla seg jamnt og trutt heile vegen. - Siste 5-6 åra har vi gjort betydelege investeringar, seier Holstad. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på dette og det, saman med prisen, inspirerar til vidare innsats.

Om vinnaren, har juryen fylgjande kommentarar:

- Ein butikk med god kundeservice i alle ledd. - Butikken er flink til å profilere seg i media, har tatt i bruk nye medier, bla. «Nettet». - Butikken har flinke medarbeidarar med god fag- og produktkunnskap. - Ein butikk som har vist evne til fornying, har fine utstillingar, satsa på nye produkt og nye marked. - Ein butikk med god beliggenheit og som trekkjer kundar utanfrå kommunen. - Ein butikk som har vist steierevne over mange år og viser gjennom nysatsing at dei har tru på Hareid.

Juryen meiner vinnaren fyller formålet med prisen på ein god måte.

Prisen "Årets handelsbedrift" er oppretta av Nordea og består av ein plakett/diplom, ein blomsterbukett og  marsipankake til dei tilsette. Prisen sitt formål er å betre kvaliteten og servicenivået innen handelsnæringa, samt heve den generelle kunnskapen om næringa. Prisen skal tildelast den bedrifta innen handelsdistriktet som best evnar å oppfylle intensjonane bak prisen. 

Juryen har i år vore sett saman slik:
- Rakel Dyrhaug - Hareid Næringsforum
- Heidi Myklebust – Vikebladet/Vestposten
- Leif-Per Breivik – Nordea

I tillegg til juryen har Vikebladet / Vestposten sine lesarar også fått moglegheit å stemme fram sin favoritt.

Fleire bedrifter oppfyller kriteria for å få tildelt prisen Årets Handelsbedrift for 2011. Både dei som tidlegare har fått prisen og dei som ikkje har fått den, står likt i vurderinga. 

Vi gratulerer Holstad Rørservice AS som årets Handelsbedrift 2011

På bilde: Roar Holstad og Bjørg Bakke Holstad

 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010