Ishavsmuseet inviterar til minnemarkering

peter_s_brandal_og_michael_knutsen_p__trappa_.jpg

29.10.2012
Ishavsmuseet markerer minne; 50 år sidan den tragiske gruveulykka i Kings Bay, Ny-Ålesund. Formidlingsleiar og konservator Herdis Lien på Svalbard Museum vil holde foredrag om Kings Bay samfunnet og ulykka som ramma Estergruva 5. november 1962. Herdis Lien held foredrag på Ishavsmuseet fredag 2. november kl. 19.00.

 

Selfangstnæringa hadde i 1916 etablert seg og dei selde produkta sine i heile Europa. Det var midt under første verdskrig, og selfangarane mangla kol til skutene sine. Situasjonen var uhaldbar, og gjorde det nødvendig for selfangarane og sikre seg stabil tilførsel av kol til skutene sine. Dei hadde fleire gongar vore innom Kings Bay på Spitsbergen, og viste at her var det kol å hente. I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheitene i Kings Bay, og då var det ikkje tvil. Peter S. Brandal utrusta dei to skutene sine ”Polaris” og ”Signalhorn” og drog av garde til Kings Bay for å undersøke saka. Ekspedisjonen var vellykka og dei returnerte med 300 tonn fyringskól. Han gav også staden namnet Brandal City. Peter fann ut at her galdt det å handle raskt, og vel heime fikk han overført alle rettigheiter, og Brandal City namnet, til seg sjølv.

Etter ei tid fann han ut at skulle han drive dette vidare måtte han ha med seg fleire driftige personar og meir kapital. Han fekk med seg Michael Knutsen – som også var ishavsreiar, Trygve Klausen den dyktige og kompetente advokaten og Trygve Jervell. Rettigheitene vart no overført til eit nytt selskap med namnet; Kings Bay Kull Comp. A/S, og tre år etter skifte staden namn frå Brandal City til Ny-Ålesund. Staten tok over drifta i 1933. Drifta av selskapet heldt fram med kull utvinning heilt fram til den store ulykka i 1962.

I Kings Bays gruver i Ny-Ålesund har 82 arbeidarar mista livet. Gruvedrifta der vart avslutta etter eksplosjonsulykka i gruva «Eshter 1» 5. november 1962. Ulykka kravde 21 menneskeliv og førte til at Arbeidarparti-regjeringa under leiing av Einar Gerhardsen måtte gå av, og bana dermed veg for den første borgarlige regjering i Noreg etter andre verdskrig, under leiing av Høgres John Lyng. I dag er Kings Bay ein moderne arktisk forskingsbase.

Fredag 2. november får altså Ishavsmuseet på Brandal besøk av formidlingsleiar Herdis Lien ved Svalbard Museum som vil halde foredrag for oss. Dette startar kl. 19.00, og i vanleg stil serverer Ishavsmuseet middag etter foredraget. Menyen er naturlegvis ekte ishavskost med fersk-kjøt og suppe. Påmelding for middag til Ishavsmuseet tel 70092004.

Bilde: Peter S Brandal og Michael Knutsen på trappa ved villaen i Brandal City.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010