Ny polarbok frå Ishavsmuseet; «Soga om Aarvak»

soga_om_aarvak_front.jpg

03.12.2012
Ishavsmuseet er ute med bok nr. seks i serien «Skuter av tre – mannskap av jern».

«Soga om Aarvak» fortel den spektakulære historia om ishavsskuta Aarvak som fyller 100 år i år. Hundre år med eventyr, spaning og dramatikk i isen. Historia om dei modige menn som valgte livet på ishavet, og om gutane som nykonfirmerte mønstra på Aarvak. Utan eit snev av tvil i sjela kasta dei loss og reiste ifrå sine kjære.

Dei hadde berre håpet å halde seg fast i no.

I denne boka kan du lese historiene. Fortalt av dei som sjølv var med Aarvak. Dei som fekk kjenne på kroppen kva det ville seie å vere fangstmann i isen. Dei som opplevde stormane, uvêr, og å sitje fast i skruis. Dei som hadde familier, koner og mødre heime som venta i uvisse på om dei kom attende like heile. Vi får vere med Aarvak på selfangst, sildefiske, trålfiske og sommarekspedisjonar til Grønland.

«Soga om Aarvak» inneheld også utdrag av dagbøker heilt tilbake til starten i 1912, fram til siste ishavstur i 1981. Vi får vere med på ein seglas gjennom 100 år. Odd Bjørklo fortel i eige kapittel i boka om Aarvak sine 13 år i Balsfjord frå 1968 til 1981.

Aarvak tek oss i dag framleis med på eventyr, no som museumsskute ved Ishavsmuseet på Brandal. Ho står der som eit levande minnesmerke over kvardagsheltane som kjempa mot isen og vêrgudane i det kalde nord. Ho er i dag med på å synleggjere, og fortelje om den viktige historia om selfangstnæringa på Sunnmøre.

Forfattarar i boka er mellom andre: Johannes Alme, Webjørn Landmark, Beathe Holstad, Anna Josefin Jønsson, Sigmund Bøe med fleire.

Format: A4, full farge trykk, 180 sider. Utsal kr. 339,-
Kjøp boka på Ishavsmuseet, i bokhandel eller her

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010