Sette ein ny standard for festivaltoalett

frodebakke__jets.jpg

11.12.2012
Etter cupfinalefesten på Youngstorget har Jets Vacuum fått mykje skryt for toaletta som var i bruk. Ein av selskapet sine kundar i Nederland, Port-O-Let, var hyra inn til å levere toalettkabinar med vakuumtoalett frå Hareid til finalefesten. Dermed vart sanitærtilhøva på Youngstorget langt betre enn det ein vanlegvis finn på slike tilstelningar, der plastbåsar av utedo-varianten er mest brukt.

Skryt frå arrangør
- I etterkant av finalefesten har vi fått svært gode tilbakemeldingar frå arrangøren Momentium. Dei sa rett ut at Jets no har sett ein ny standard for festivaltoalett. Som kjent står Momentium også bak Sommarfesten på Giske og fleire andre store arrangement, så det er både moro og inspirerande å få slike lovord frå desse karane som kjenner festival-Noreg betre enn dei fleste, seier salssjef for mobile toalettsystem i Jets Vacuum, Frode Bakke.

Hødd er einige

Også Hødd er klare på at toaletta frå Jets og Port-O-Let var ei tydeleg standardheving:
- Vi har bokstaveleg tala kjent på kroppen at dei vanlege plastbåsane som blir brukte på mange arrangement er meir som utedo, mellom anna på Norway Cup der vi er med kvart år. Verken spelarane eller vi på sidelinja er spesielt begeistra for dei. Når vi kunne tilby gjestane våre på Youngstorget eit så mykje betre sanitæranlegg med skikkelege toalett, bidrog det sjølvsagt til totalopplevinga av ein godt planlagt og gjennomført finalefest, påpeikar Sindre Eid i Hødd.

Etterspurde i Europa
Toalettkabinane frå Nederland som vart brukte på Youngstorget er etterspurde ved arrangement i heile Europa, nettopp fordi dei er utstyrte med vakuumtoalett frå Jets. På store europeiske arrangement med over 50.000 besøkande gir vass- og kloakkbesparelsane til vakuumtoaletta store utslag.
- I  løpet av ein tre-dagars festival i Nederland i sommar vart det handtert 750.000 liter mindre kloakk enn vanleg, grunna vakuumtoaletta sitt låge vassforbruk. Dermed vart det naturleg nok også langt færre tankbiltransportar med vatn og kloakk til og frå festivalområdet. Dette tel positivt både for miljøet, og for økonomien i slike arrangement. Under finalefesten på Youngstorget fekk vi ein gyllen sjanse til å fortelje om, og vise fram, fordelane med desse toaletta til ei rekkje sentrale personar som driv store arrangement på Austlandet. Vi trur at mange av dei vil drage same konklusjon som Momentium har gjort, avsluttar salssjef Frode Bakke.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010