T. Riise med ny profil og nyopning av ombygd butikk

sort.jpg

12.11.2012
8. november opna T.Riise ny butikk etter fleire dagar med ombygging. Kundane strøymde til og Johs Riise ytra seg svært nøygd med responsen, - ein fantastisk start, smilte den blide butikkdrivaren. 

T. Riise starta opp i 1956, då under namnet Riise og Strømme. I 1970 kjøpte Terje J. Riise butikken og endra namnet til T. Riise AS. I 1996 tok Johannes Chr. Riise over drifta av butikken og to år seinare blei det gamle lokalet rive og eit nytt bygg vart sett opp. Sidan 1998 har butikken hatt tilhald der og tatt eit nytt steg for å halde i hevd tradisjonane frå tidlegare tider og fokuset på utval og kvalitet består i aller høgste grad. 

Som eit ledd i ein denne utviklinga fremstår T. Riise i disse dagar med ny profil og ombygde butikklokale.

Vi gratulerer T. Riise med nysatsinga og ynskjer lykke til!

 

 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010