
Seminarrekke med Ola Grytten - økonomisk vekst og utvikling

12.09.2013
Ola Grytten fikk våren 2012 tildelt et toårig professorat II på Høgskolen i Ålesund. I løpet av høsten 2012 og våren 2013, ga han oss en oppdatering på den økonomiske utviklingen sett fra et sunnmørsk perspektiv. Med bakgrunn i svært god respons på den forrige rekken, starter vi nå opp en ny seminarrekke med fem nye forelesninger som vil strekke seg over 2013/2014.
To priser til Ekornes i England

12.09.2013
Hvert år kårer leserne av det britiske bransjebladet «Interiors Monthly» de beste selskapene innen ulike kategorier i møbel- og interiørbransjen. Ekornes Ltd. fikk to av prisene i år: «Best recliner manufacturer» og «Best Marketing Support».
Frukostmøte 27. september

02.09.2013
Det blir nytt frukostmøte siste fredagen i septenber, 27, mellom kl. 0800 - 0900 på Hareid hotell. Gjest denne gongen blir Ronny Nipen som gir ein presentasjon av den spennande utviklinga til Rise Bygg.
Velkommen!
Brandalsdagane 2013

02.09.2013
Brandalsdagane startar i dag og byr på eit rikhaldig program i tida fram til og med søndag 8. september.
Hareid Group blir hovedaksjonær i HM Elektro AS i Langevåg

23.05.2013
Hareid Elektriske AS, morselskapet i Hareid Group på Hareid, har inngått avtale med HM Invest AS om overtagelse av 51% av aksjene i HM Elektro AS i Langevåg. HM Elektro AS har 19 ansatte og hadde en omsetning på ca. 48 mill. i 2012. I tillegg er ansatte i HM Elektro AS gitt mulighet til å kjøpe inntil 15% av resterende aksjer fra HM Invest AS.
God sommar

9. juli 2013
Vi ynskjer alle våre lesarar ein god sommar.
Storstilt feiring då Jets opna nybygg i Sandes næringspark i Latvia

08.05.2013
Akkurat som mange andre forretningseventyr med opphav i den sunnmørske maritime klynga, har næringsparken Sandes utanfor Saldus i Latvia ein maritim bakgrunn. Med opninga av det latviske selskapet SIA Jets Vacuum sitt nye produksjonsanlegg tysdag 7. mai, befestar næringsparken posisjonen sin som eit industrielt sentrum i Saldus-regionen.
Programmet for årets Opplev Hareid er klart

28.06.2013
Programmet for årets Opplev Hareid 04. - 07. juli er klart. Følg linken http://ftpads.vikebladet.no/PDF/OpplevHareid/index.html for fleire detaljar.
Velkomen til Opplev Hareid 2013!
Opplev Hareid 4. - 7. juli 2013

31.05.2013
Datoane for årets arrangement er spikra for lengst og programmet tek i disse dagar form. Vi lovar mange gode kjøp, tivoli, gratis frukost, gudsteneste på Ishavsmuseet med meir.
Velkomen!
Frukostmøte 31. mai - sesongavslutning

20. 05 2013
Fredag 31. mai er det duka for siste frukostmøte før sommaren. Gjest denne gongen blir Kjell Sandli frå Hafast og Næringsforeningen i Ålesundsregionen som skal gi oss status på samferdsel. Og sjølvsagt; god mat og drøs rundt borda…
” – Velkomen til ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”
Utleige av herrebunad

10.04.2013
E – Design leiger ut herrebunader til ulike anledningar. - Dette er noko vi har gjort i lang tid og mange set pris på tilbodet. Etterspunaden er i periodar stor, seier Ane Sofie R. Blindheimsvik ved E - Design si avdeling på Hareid.
Havbro.no samlar kysten til eit rike

10.04.2013
Heile 12 flytebru-prosjekt er for tida under planlegging i Noreg, mellom dei Hafast. No er bilete og informasjon om samtlege 12 prosjekt samla på ei enkelt webside: www.havbro.no, skriv Hafast på sine nettsider.
Hareid Group har lansert presentasjonsvideo

25.01.2013
Hareid Group har laga ein flott presentasjonvideo. Videoen gir oss innsikt i dei ulike forretningsområda verksemda femnar om.
http://www.youtube.com/watch?v=Mu61c6l7pPk
Frukostmøte 26. april

10.04.2013
Det blir nytt frukostmøte for våre medlemsbedrifter 26. april kl. 08 - 09, Hareid Hotell. Gjest denne siste fredagen i månaden blir adm. dir., Jan Tore Leikanger, i Jets Vacuum AS. Og sjølvsagt; god mat og drøs rundt borda…
” – Velkomen til ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”
Vårhandel i Hareid

02.04.2013
Laurdag 13. april går startskotet for vårhandelen i Hareid! Denne flotte årstida byr på mange moglegheiter til fornying. La deg inspirere av vårens former og fargar! Butikkane fristar med eit breitt utval varer.
Velkomen til ein god handel!
Frukostmøte 5. april kl. 0800

22.03.2013
Neste frukostmøte blir fredag 05 april. Gjest denne gongen blir konsernsjef Ronald Dyrhol i Hareid Group. Han kjem blant anna til å gi oss eit innblikk i konsernets ferske satsing på Grønland. Og sjølvsagt; god mat, drikke og drøs rundt borda høyrer også med.
God påske

22.03.2013
Vi ynskjer alle våre lesarar ei god påske!
Årsmøte i Hareid Næringsforum 19. mars

21.2.2013
Tysdag 19. mars kl. 1900 blir det årsmøte i Stiftinga Hareid Næringsforum. Innkomne saker må være styret i hende innan 11. mars. Årsmøtet finn stad på Hareid Hotell.
Ny polarkveld 8. mars på Ishavsmuseet - Havet
og ishavets kvinner

28.02.2013
På sjølvaste kvinnedagen er det klart for ny polarkveld. Og den handlar om, ja nettopp, kvinnene!
Nytt frukostmøte 1. mars kl. 0800

21.2.2013
Grunna vinterferie blir frukostmøte for februar flytta til fredag 1. mars.
Rådmann i Ulstein, Einar Vik Arset, har teke utfordringa og skal snakke om næringsutvikling og samarbeid over kommunegrensene. Og sjølvsagt; god mat og drøs rundt borda…
12Neste |