Havbro.no samlar kysten til eit rike

havbroer_1_.jpg

10.04.2013
Heile 12 flytebru-prosjekt er for tida under planlegging i Noreg, mellom dei Hafast. No er bilete og informasjon om samtlege 12 prosjekt samla på ei enkelt webside: www.havbro.no, skriv Hafast på sine nettsider.

For verharde strøk
Havbro er namnet på bruteknologien som er tenkt nytta i dei 12 prosjekta - bruer som skal krysse breie fjordar frå 1 til 10 kilometer, og som skal tåle påkjenningane i verharde miljø med store bølgjer. I tillegg lar Havbroer store skip passere, med seglingshøgder frå 40 til 80 meter i dei prosjekta som til no er planlagde.

Havbro-teknologi 
Iutviklingsarbeidet vert kunnskap frå eksisterande bruer kombinert med ny kunnskap henta frå avansert offshore-teknologi i Nordsjøen. Denne nye kombinasjonen av kjende teknikkar frå ulike område, opnar for nye løysingar.       

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010