Ny polarkveld 8. mars på Ishavsmuseet - Havet
og ishavets kvinner

leo_013.jpg

28.02.2013
På sjølvaste kvinnedagen er det klart for ny polarkveld. Og den handlar om, ja nettopp, kvinnene!

På sjølvaste kvinnedagen 8. mars er det kvinnene som står i fokus på Ishavsmuseet. Nærare bestemt havets og ishavets kvinner.

Det nærmar seg avseilar datoen for då skutene drog på selfangst i Vesterisen, og under årets avseilarfest på Ishavsmuseet vil fokuset vere på kvinnene som sat igjen heime etter å ha vore aktiv under klargjeringa før mannen kunne reise ut.

Alt av utstyr skulle finnast fram og berast om bord. Eit omfattande arbeid, og eit yrande liv på kaiene med så mange skuter som skulle av garde. Ungane klatra i riggen og hadde store forventningar til at deira tur skulle kome. Gamlekarane fann seg stadig ærend ned på kaiene for og sjå til at alt var som det skulle. Men kvinnene måtte halde seg litt på avstand. Dette var ikkje deira plass.

Kvelden før avreise var det ofte «avseilarfest». På årets avseilarfest skal kvinnene fram.

Det er Leo Oterhals som vitjar Ishavsmuseet fredag 8. mars kl. 19.00 med foredrag om havets kvinner. Leo er ein godt kjend forfattar og kunstnar som blei født på øya Gossen i Aukra kommune. Oterhals' forfattarskap dreier seg i hovudsak om norsk kysthistorie, lokalhistorie, fangst og fiske. Han burde vite kva han snakkar om Leo, med 26 utgitte bøker om emnet.

Som ei opptakt til hundreårsjubileet for full kvinneleg stemmerett i Noreg, kom Oterhals i fjor haust med boka «Havlandets kvinner», ei oppfølging av boka «Havets døtrer» som kom ut i 2004.

Begge desse omhandlar sterke kvinner i mannsdominerte kystmiljø. Vi møter kvinner som på tross av tilvære ikkje let seg kue. Dei møttes i foreiningar til opp bygging og fellesskap, heldt basar og samla inn pengar til havets kvinner som var i en enda verre situasjon en dei sjølve.

Gjennom sine mange bøker har Oterhals kome tett på historiene om mennene som dreiv selfangst og var med på dei polare ekspedisjonane. Som i f.eks boka «Polhav» der han kjem tett på Sunnmørspionerane, Skjærvakongen, Runne Johan, «Banna-Bjønn», Brødrene Brandal, Pilskog-karane, Schelderup og mange fleire.

Leo Oterhals si interesse for kyst- og polarhistorie vart tidleg vekt. –Som gutunge stod eg og såg på seglskutene som sette loggen for Bjørnsund fyr. Og gjennom eteren kunne eg høyre han Bernt Brandal og han Kristoffer Marø snakke. Dei var mine barndoms heltar, seier Leo.

-Peter S. Brandal var med på å sette eit frø, dei tok seg ein båt, heiste eit segl, reiste til Grønland og Vesterisen – og skapte ei næring. I ei av visene sine spør poeten Jan Eggum «Kvar er alle heltane?», og Leo meiner han har svaret. –Reis til Brandal, gå inn på Ishavsmuseet og studer historia der. Dei verkelege heltane finn de i vår nære polarhistorie og nokre av dei er kvinner.

Avseilarkvelden vert avslutta med skikkeleg ishavskost. På menyen denne fredagen står saltkjøtt, flesk og erter. Påmelding til Ishavsmuseet ved middagsservering.

Kvelden startar kl. 19.00. Bill kr. 100,- Bill og middag kr. 250,- skriv Ishavsmuseet i ei pressemelding.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010