Utleige av herrebunad

norsk_flagg_350c_49d9de74d17cb.png

10.04.2013
E – Design leiger ut herrebunader til ulike anledningar.  - Dette er noko vi har gjort i lang tid og mange set pris på tilbodet. Etterspunaden er i periodar stor, seier Ane Sofie R. Blindheimsvik ved E - Design si avdeling på Hareid.

- Gutar i konfirmasjonsalder er ofte ikkje utvaksne og mange foreldre ser på leige som ei god midlertidig løysing eller forretningsreisande som skal utanlands og representere, fortsetter Blindheimsvik. Andre høve kan være dåp, bryllup eller 17. mai seier Blindheimsvik.

- Vi leiger ut herrebunader i alle storleikar, både til gut og herre. I leiga er også det meste av tilbehør samt stryking og vask inkludert. Sågar gjennomgang av påkleding får dei som leiger bunad hos oss. Det er det mange som set pris på, seier Blinheimsvik, avslutningsvis, med eit glimt i auget.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010