Ishavsmuseet med Polarkveld 31. januar
1_logo_ism.jpg

16.01.2014
Trygve Brandal vert årets fyrste foredraghaldar i ei rekkje på 4 polarkveldar våren 2014.

Velkomne til ei aktiv helg på Ishavsmuseet
aarvak_hus_front_flagg.jpg

04.09.2014
Få med deg opninga av vandreutstillinga «Grønland for 100 år sidan» fredag 5. september kl. 18.00 i Aarvakhuset. Utstillinga er laga av Uummannaq Polar Institute, Grønland, og utstillinga vert vist på Brandal i samarbeid med dei. Utstillinga består av handkolererte foto frå perioden 1909-1912. Under opninga vert det kort foredrag av prosjektleiar for utstillinga Erik Torm.

Josefine - ny cafe på Hareid
gullbjeller.jpg

27.05.2014
Det var ein stolt eigar, Anna Josefine Jønnson, som opna dørene til Cafe Josefine i Kjøpmannsgata, 27.05 kl. 1100, til feiande flott korpsmusikk. Mange hadde teke turen til opninga.

Vi ynskjer henne lykke til!

NCMC har inngått avtale med Telenor Maritim Radio og Radio Medico
medico.jpg

27.05.2014
NCMC har inngått avtale med Telenor Maritim Radio og Radio Medico Norway om å utvikle ein ny type videoløsning til bruk i telemedisin om bord i alle typer fartøy som kontakter Kystradioen i høve medisinsk bistand.

Polarkveld på Ishavsmuseet 26. september kl. 19.00
aarvak_hus_front_flagg.jpg

Bjørn Fredriksen viser film frå Jan Mayen på Ishavsmuseet fredag 26. september. 

Nytt frukostmøte 26. september
kaffekopp__hnf.jpg

22.09.2014
Fredag 26. september kl. 0800 byr vi inn til nytt frukostmøte. Gjest denne gongen er Odd Arve Riise, leiar ved E.A. Smith AS avd. Byggern Hareid. 

Velkomen!

Haustlaurdag 11.oktober
haustblad__hnf.jpg

09.10.2014
I høve Hareidsstemna 2014 blir det "Haustlaurdag" i Hareid sentrum 11. oktober. Her finn du eit breitt vareutval til gode prisar! Opningstider 10 - 15.

Velkomen til Hareid!

Førjulshandel 20. november
mange_raude_julepakker.jpg

18.11.2014
Torsdag 20. november blir det gode høve til å gjere julehandel på Hareid. Butikkane held ope til kl. 20 denne dagen og her kan du gjere mange gode kjøp.

Velkomen! 

Rekordstor julemesse på Ishavsmuseet
arrang_rane_av_rets_messe_webj_rn_landmark.jpg

06.11.2014
Komande helg, laurdag 15. og søndag 16. november, er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Messa i år er heilt fullteikna, og heile 40 utstillarar er på plass med standar blant isbjørn og moskus, over fire etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Brand Valley på frukostmøte 28. november
monika_hestad.jpg

06.11.2014
Korleis bruke designaren sine verktøy og tenkemåte for å utvikle innovative og relevante bedrifter eller organisasjonar blir tema på siste frukostmøte før jul, 28. november. 
Designtenking er ei tilnærming som fleire internasjonale bedriftsleiarar ser på som nødvendig for å utvikle robuste og relevante bedrifter. 28. nov vil Monika Hestad og Philip Reitsperger frå Brand Valley AS gje ein smakebit av denne tilnærminga.
Brand Valley AS er ein ny type strategisk rådgjevingsfirma. Vår metodikk, vårt tankesett og vår tilnærming kjem frå design. Målet er å styrke bedrifta sin innovasjonskultur og dermed styrke merkevara.

HoppId
hoppid_2_.jpg

04.09.2014
Tysdag 2. september vart det signert avtale mellom Hareid kommune, hoppid.no og Ålesund Kunnskapspark, om drift av eit nytt hoppid.no-kontor for Hareid.

Vinnarar julelotteriet 2014
lotteri_2014.jpg

05.01.2015
Vinnarar av julelotteriet 2014 vart Bjarne Sukka, Elin Øvrelid og Nathalie Brandal.

Vi gratulerer !

May - Britt og Edvard Moser - Nobelprisvinnere i fysiologi og medisin 2014
moserparet.jpg

07.10.2014
May-Britt og Edvard I. Moser får tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin for sine oppdagingar av celler som utgjer eit slags "indre GPS" i hjerna. Deira arbeid har vist korleis ein avansert intellektuell prosess blir utført av hjernens nerveceller.

Dette er stort og vi GRATULERER!

HNF og Mafoss med felles uttale til fylkestinget

03.12.2014
HNF og Mafoss har i felles uttale til fylkestinget presisert viktigheita av at det blir sett av midlar i budsjettet til ei permanent  tredje ferje på sambandet Hareid – Sulesund. 

Godt nytt år!
fireworks.jpg

05.01.2015
Vi ynskjer alle våre lesarar eit godt nytt år.

Seinope 3. juli til kl. 20 med mange gode tilbod
programside_14.jpg

01.07.2014
Torsdag 3. juli held butikkane seinope til kl. 20 og dei byr på mange knall gode tilbod og andre aktivitetar. 
Andre opningstider under Opplev Hareid blir fredag 4. juli til 18 og laurdag 5. juli til kl. 15. 

Velkomen!


Gode tilbod

Opplev Hareid 03. - 06. juli
programside_14.jpg

01.07.2014
Opplev Hareid går av stabelen 03. - 6. juli 2014. Her får du opplevingar og aktivitetar for heile familia.

Velkomen til årets Opplev Hareid! 


Program

Toalettleverandøren Jets Vacuum vann Eksportprisen 2014
jets_www_med_r.jpg

09.04.2014
Eksportkonferansen 2014 vart ei ekstra hyggjeleg oppleving for adm.dir. Jan Tore Leikanger i Jets Vacuum, som fekk overrekt Eksportprisen frå H.K.H. Kronprins Haakon i ei formell prisutdeling på slutten av konferansen.

Ny polarkveld og «torskemølje» på Ishavsmuseet 21. februar

14.02.2014
Det blir ny polarkveld med Tormod Jensen, og «torskemølje», på Ishavsmuseet 21. februar.
Der får du høyre om ishavsskuta Forlands forlis og berging ved Svalbard i 1958.

Velkomen!

Frukostmøte 28. februar
kaffekopp539.jpg

31.01.2014
Det blir nytt frukostmøte for våre medlemsbedrifter fredag 28. februar kl. 0800 - 0900 på Hareid hotell. Gjestar denne fredagen blir Nordea v/ Bergsvein Øvrelid og Endre Vatne som kjem til å gi oss status i norsk økonomi med fokus på bl.a sysselsetting, produksjonsvekst, boligmarkedet og renteutsikter. Med andre ord eit høgaktuelt tema i kombinasjon med god mat og sosialt samvær - velkommen !

” – ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”

12Neste
Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010