HoppId
hoppid_2_.jpg

04.09.2014
Tysdag 2. september vart det signert avtale mellom Hareid kommune, hoppid.no og Ålesund Kunnskapspark, om drift av eit nytt hoppid.no-kontor for Hareid.

Hoppid.no er Møre og Romsdal Fylkeskommune si eiga satsing på entreprenørskap i samarbeid med partnarane Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og dei enkelte kommunane. Med Hareid på plass, er det no 33 kommunar som har tilbod om gründerhjelp gjennom hoppid.no.

Det er Ålesund Kunnskapspark ved sen. rådgjevar Robert Voldnes som skal drifte tilbodet frå sitt nyskapingskontor på Stålhaugen i Ulsteinvik.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010