Ishavsmuseet med Polarkveld 31. januar
1_logo_ism.jpg

16.01.2014
Trygve Brandal vert årets fyrste foredraghaldar i ei rekkje på 4 polarkveldar våren 2014.

Den første polarkvelden vert fredag 31. januar kl. 19.00. Trygve vil halde foredrag om; «Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1800-1900.»

Trygve Brandal er utflytta brandøling, no busett i Hjelmeland i Ryfylke, og arbeider som førstekonservator ved Ryfylkemuseet.

For over 30 år sidan skreiv han ei hovudfagsoppgåve i historie om omleggingstida i fiske- og fangstnæringa i Hareid og Ulstein frå 1880 til 1920. Det er stoff frå denne som er utgangspunkt for føredraget hans på polarkvelden på Ishavsmuseet fredag den 31. januar.

Føredraget har tittelen "Den første moderne fiskeflåten. Skøytetida i Hareid og Ulstein 1880-1900." Det bemerkelsesverdige ved Hareid og Ulstein i dei to første tiåra av 1900-talet var framveksten av dei mange fiskedampskipa og selfangstskutene her. Med sine 36 slike farty i 1920 hadde bygdene her ei oppsiktsvekkjande plassering i norsk kystnæring.

I føredraget sitt vil Brandal konsentrere seg om forhistoria til denne utviklinga. For før overgang til dampdrivne fiskedampskip og fangstskuter var der ei førebuingstid, eit første trinn i utviklinga, og det var overgang frå opne båtar til dekka seglfarty, til skøyter. Denne overgangen er i stor grad føresetnad for den kraftige veksten i dampdrvine fiske- og fangstbåtar som kom utover etter 1900. Skøytetida er som ein ouverture, eit preludium, til det som skulle kome, dei mange dampbåtane, som sette Hareid og Ulstein i ei særstilling på kysten. Det er denne første moderniseringa av fiskeflåten, skøytetida, som vil vera temaet for polarkvelden. Du får høyra om seilskutene, eigarane og fiskarane, om fiskeria dei dreiv og forlis som skjedde. Det mest dramatiske forliset var skøyta "Perlen" av Brandal, som forliste i torskefisket på sunnmørskysten i 1887, med heile sitt mannskap på ni mann.

I kjent stil vert det servert middag etter foredraget for dei som ynskjer dette. Denne gangen er det det klippfisk med tilbehør som står på menyen. Påmelding til tlf 700 92 004 / webjorn@ishavsmuseet.no ved bestilling av middag.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010