Ny polarkveld og «torskemølje» på Ishavsmuseet 21. februar

14.02.2014
Det blir ny polarkveld med Tormod Jensen, og «torskemølje», på Ishavsmuseet 21. februar.
Der får du høyre om ishavsskuta Forlands forlis og berging ved Svalbard i 1958.

Velkomen!

19. juli 1958 forliste ishavsskuta M/K «Forland» sør for Edgeøya på Svalbard. I tre veker kjempa mannskapet for livet. Høyr historia frå ein av dei som var om bord!
Ishavsveteran og maskinist Tormod Jensen frå Kvaløya ved Tromsø var fangstmann på M/K Forland i 1958. Tormod Jensen har 22 turar på ishavet, sommar og vinterfangst.
Fredag 21. februar gjestar han Ishavsmuseet på Brandal med foredrag.

Første året han var på sommarfangst ved Svalbard var som 15 åring, i 1957. Året etter, i 1958, reiste han med MK «Forland» av Tromsø. MK «Forland» vart bygd i 1938 og var 63,5 fot.

Turen starta frå Tromsø 26. juni, med stopp i Tromvik før kursen vart sett til Storfjorden vest for Tusenøyane på Svalbard.
Det var 7 mann i mannskapet denne turen. Dei vart møtte av mykje is i området som gjorde fangsten vanskelig. Etter som isen slakka opp, vart det fangst på storkobbe og isbjørn. Ei binne vart skota og 2 levande isbjørnungar vart tatt om bord og sett i bur på dekk.
Etter kvart som isen slakna, gjekk MK «Forland» gjennom Heleysundet, eller Orm-hòlet som fangstfolk kalla det. Om morgonen den 19. juli kjem eit stort isfjell drivande og treff MK «Forland». Foten av isfjellet hadde gått inn i maskinromet og det var totalhavari på fartøyet. Det var ikkje tid å sende ut naudsignal, og fartøyet vart forlate.

Ein strabasiøs tur over landisen starta, der livbåten vart dregen over isen i 17 timer. Her låg ei hytte som Tormod var kjent med frå året før. Dei låg i den hytta i 11 døgn før dei prøvde å gå nordover i Hindlopenstredet. Dei viste at det låg ein forskingsstasjon her. På grunn av is- forholda måtte dei snu tilbake til hytta. Dei planla å ro sørover gjennom Heleysundet. Det vart roturar frå 15 til 29 timer. Mat var det lite av, dei skaut 2 reinsdyr og ein kobbe. Stuerten hadde berga med seg 2 kasse øl samt 50 kg kveitemjøl. Øl brukte han som hevingsmiddel når han baka brød.
12. august etter en strabasiøs tur over Storfjorden nådde dei Sørkapp der dei tok seg inn i ei hytte. Dei hadde no kjempa i 3 veker og rodd nærast rundt halve Svalbard.
Korleis det gjekk etter at dei kom til Sørkapp kan du få vite meir om på polarkvelden ved Ishavsmuseet 21. februar kl. 19.00.

Etter foredraget vert det som vanleg middagsservering, og denne gangen byd museet inn til ei skikkeleg «torske-mølje». Fredag er det nemleg fersk torsk med kams, rogn, lever m.m som står på buffeen. Påmelding til Ishavsmuseet ved middag. Foredrag kr. 100,- Foredrag og buffé kr. 300,- Bestilling; Tlf: 700 92 004 / 95 11 76 44 eller webjorn@ishavsmuseet.no 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010