Toalettleverandøren Jets Vacuum vann Eksportprisen 2014
jets_www_med_r.jpg

09.04.2014
Eksportkonferansen 2014 vart ei ekstra hyggjeleg oppleving for adm.dir. Jan Tore Leikanger i Jets Vacuum, som fekk overrekt Eksportprisen frå H.K.H. Kronprins Haakon i ei formell prisutdeling på slutten av konferansen.

Jets Vacuum vart nominert til Eksportprisen etter at selskapet i 2013 leverte 1.000 vassparande vakuumtoalett og tilhøyrande utstyr til ein VM-stadion i Brasil, eit land som selskapet også elles har eksportert mykje til dei siste åra. Stadionprosjektet gjorde tydelegvis inntrykk på juryen, som bestod av tidlegare kringkastingssjef og NHO-direktør John G. Bernander, konserndirektør i Nordea Bank Gunn Wærsted og leiar for Teknologirådet Siri Hatlen.

- Vi var sikre på at vi var ein sterk kandidat, men vi såg og at konkurransen var knallhard med 11 andre verdige nominerte frå spydspissen av norsk næringsliv. Gleda var difor veldig stor då vi skjøna at vi ikkje berre var mellom dei tre finalistane, men faktisk hadde vunne. Spenninga i salen var til å ta og føle på, og det tok ein augneblink før det gjekk opp for meg at vårt namn vart lest opp som vinnar. Eg ser dette som ei stadfesting på at vi har gjort mykje rett i ekspansjonen vår utanlands dei siste åra. Vi er bevisste på at vi skal sikre vidare vekst her heime i Noreg gjennom nyetableringar ute i verda, og eg trur at det har telt positivt med i juryen si vurdering, seier adm.dir. Jan Tore Leikanger i Jets Vacuum.

Han mottok Eksportprisen 2014 nøyaktig ei veke etter at selskapet han leiar også vart tildelt Merket for god design frå Norsk Designråd, for ein ny toalettmodell.
- Det har vore litt av ei veke. Vi tykkjer det er veldig positivt å få desse anerkjenningane både for produkta våre, og for eksportsatsinga vår. Det gir inspirasjon til å byggje vidare på alt vi har oppnådd så langt, slår Leikanger fast.
Jets Vacuum har ein eksportandel på over 85 %, og omsette i 2013 vakuumtoalett, vakuumpumper, reinseanlegg og andre ressurssparande sanitærløysingar for over 340 millionar kroner. Frå før har selskapet over halve verdsmarknaden for skip som vert bygde med vakuumanlegg, men gjennom dei siste åra har den største prosentvise veksten skjedd i leveransar på land. Frå store bygg og små hytter, til festivaltoalett og tog – og no altså ein stadion i Brasil med 70.000 tilskodarplassar.

- Castelão stadion, som vi vann Eksportprisen for, har no verdas største vakuumsanitærinstallasjon på land. Berre store cruisebåtar kan matche dette leveranseomfanget. Det seier mykje om kor godt vi har lukkast med å bevege oss frå den maritime marknaden og over på landbaserte installasjonar, påpeikar Leikanger til slutt.

Totalt 12 selskap og prosjekt var nominerte til Eksportprisen 2014, og mellom desse vart det plukka ut tre finalistar: Jets Vacuum, National Oilwell Varco og Indra Navia. Mellom dei andre nominerte finn ein namn som Ekornes, Stokke, Ulstein Design & Solutions, Kongsberg og Nexans.

Eksportprisen er ein ny pris som skal premiere norske eksportørar som har lukkast med å byggje verdiar i Noreg, gjennom marknader ute i verda. Det er Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK), GIEK Kredittforsikring, Eksportkreditt Norge og Finansavisen som står bak prisen.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010