Velkomne til ei aktiv helg på Ishavsmuseet
aarvak_hus_front_flagg.jpg

04.09.2014
Få med deg opninga av vandreutstillinga «Grønland for 100 år sidan» fredag 5. september kl. 18.00 i Aarvakhuset. Utstillinga er laga av Uummannaq Polar Institute, Grønland, og utstillinga vert vist på Brandal i samarbeid med dei. Utstillinga består av handkolererte foto frå perioden 1909-1912. Under opninga vert det kort foredrag av prosjektleiar for utstillinga Erik Torm.

Laurdag 6. september kan du få laurdagslunsj på Ishavsmuseet. Då er det risengrynsgraut på menyen frå kl. 12 til kl. 16.

Søndag 7. september er det klart for familiesøndag ved museet. Det vert ulike aktivitetar for borna i Aarvakhuset, som snekring av båtar og teikning.
Ragnar Thorseth er på plass med færingen «Brattholm Havila», og i undervisningssalen vert vist film frå alle Thorseth sine ekspedisjonar.
Filmen «Ishavshanda» vert vist i 4. etasje. I kafeen kan du få deg søndagsmiddag, kjøtkaker, eller kaffi og kaker.

Hugs også polarkvelden fredag 12. september kl. 19.00 der det vert foredrag og boklansering med Gunnar Myklebust. «Ishavet, pelsdyrfangst og vågemot».
Etter foredraget og boklanseringa vert det baccalaobuffet i kafeen med kvit og raud bacalao og heimebaka focaccia brød.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010