Jon Holstad AS/ Statoil Hareid kåra til årets handelsverksemd 2013
dsc_0002.jpg

03.02.2014
Jon Holstad AS / Statoil Hareid er kåra til årets handelsverksemd for 2013. - denne prisen ynskjer vi å dele med alle tilsette og kundane våra som har fylgt oss i 60 år, leier dagleg leiar Karin S. Holstad. 

Vi gratulerer!

Unike filmar under Polarkveld på Ishavsmuseet 21. mars

21.03.2014
Ishavsmuseet byd igjen inn til polarkveld, fredag 21. mars kl. 19.00. Denne gongen er det ishavsskuta «Polarbjørn» (II) som er tema. Skuta fekk eit kort men spanande liv før den forliste i isen utanfor Grønland i 1957.

Årsmøte i Hareid Næringsforum 25. mars
hareid_n_ringsforum.jpg

03.02.2014
Det blir årsmøte i Hareid Næringsforum 25. mars 2014 kl. 1900 på Hareid hotell. 

Frukostmøte 28. mars
kaffekopp90.jpg

28.02.2014
Det blir nytt frukostmøte 28. mars kl. 0800 - 0900 på Melshorn Hotell. Tema denne gongen er ledelsesfilosofien LEAN som på kort tid har bredd seg over heile verda og blitt tatt i bruk i både offentleg og privat sektor. Ekornes er eit av konserna som har teke i bruk arbeidsmetodene og Ole Andre Småge fortel om deira erfaringar i dette arbeidet. 

” – ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”

 

Vårhandel 5. april 10 - 15
kvitveis.jpg

01.04.2014
Våren er definitivt i anmarsj og butikkane byr i desse tider på eit mangfald av sesongens varer. Denne laurdagen ynskjer vi våren spesielt velkomen og vonar du let deg inspirere av årstida og nyttar dagen til å gjere gode kjøp. Enten du treng tips og råd om ein god solkrem, nye treningsklær, ein vårleg blomsterbukett, ei god bok, ein velsmakande middag, oppussing i heimen eller ny dress så vi har utvalet og meir til i våre butikkar. 

Velkomen til ein triveleg vårhandel!

Ishavshanda – filmpremiere og konsert på Ishavsmuseet 25. april

aarvak_hus_front_flagg.jpg

15.04.2014
I ei banebrytande vestnorsk filmsatsing har brørne Are og Sturla Pilskog i samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak laga kortfilmen Ishavshanda, ein kunstfilm som utforskar korleis ver, vind og hardt arbeid formar hendene våre. Dette er ei poetisk og vakker reise inn i eit ”handskap” som har vore spesielt for Sunnmøre og resultatet kan du altso sjå den 25 april kl. 20.00 på Ishavsmuseet. Kvelden vert avslutta med konsert med Gabriel Fliflet og Jorunn Marie Kvernberg. 

Medlemsmøte 6. mai med Niklas Modig
niklas_modig_1_.jpg

26.03.2014
Niklas Modig forsker innenfor Lean service og Lean management. Han er en populær foredragsholder på internasjonalt plan og har raskt tatt en ledende posisjon på dette området. Som den eneste utlending har Niklas Modig under en lengre periode fått følge Toyotas arbeid om hvordan de skaper ”operational excellence” innenfor samtlige prosesser/områder.

6. mai kl 1300 inviterar Hareid Næringsforum i samarbeid med J. E Ekornes til halvdagsseminar på Ishavsmuseet. 

Begrensa plass - fyrste mann til mølla...

Pris pr. person kr. 1000.-  

Påmelding 

Frukostmøte 30. mai
kaffekopp106.jpg

27.05.2014
Siste frukostmøte før sommaren blir fredag 30. mai kl. 0800 - 0900 på Melshorn Hotell. Møtet blir ope og ordet fritt.

” – velkomen til ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”

Invitasjon til HURRA-seminar!

06.06.2014
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen opnar offisielt E39 Hjartåberget den 14. juni.Dagen før dagen arrangerer Maritim Forening for Søre Sunnmøre (MAFOSS), Stryn Næringssamskipnad og Hareid Næringsforum eit "Hurra-seminar" i Ulsteinvik.

Norske selskap styrkar konkurransekrafta med fellesetablering i Vietnam
vinomarine_external.jpg

21.03.2014
20. mars opnar næringsminister Monica Mæland bedrifta Vinomarine i hamnebyen Hai Phong nord i Vietnam. Bak nyetableringa står tre norske industriselskap: IMS group frå Akland i Risør kommune, og
Jets Vacuum og Libra-Plast frå Hareid på Sunnmøre. Målet til dei tre selskapa er å kome nærare dei viktige asiatiske skipsbyggingsmarknadene, kombinert med styrking av eiga konkurransekraft.

Månadens bedrift: Norwegian Center of Maritime Communication AS

11.1.2013
Næringslivet i Hareid er mangfaldig og vi kjem i tida framover til å presentere ei ny bedrift med jamne mellomrom.

Namn bedrift: Norwegian Centre of Maritime Communication AS, Strandgata 72, 6060 Hareid 
Dagleg leiar: Idar Flø
Antall tilsette: 1 på heiltid og 1 på deltid, men skal i 2013 auke med fleire
Omsetning: 9,9 mill
Bedrifta er lokalisert: Hareid sentrum

Kort presentasjon av bedrift: NCMC AS er ei leverandøruavhengig kompetansebedrift som har fokus på å synliggjere rederigevinstar ved at rederia tek i bruk moderne kommunikasjonsløysinger i skipa som både vert bygde og også i samband med oppgradering av eksisterande skip. NCMC AS vert med det ein bidragsytar inn i rederia og vil vere til dels premissgivar ifht. kva rederia skal satse på av framtidige nye kommunikasjonsløysingar.

Vårt mål er å få skipa meir og meir online der dei kan få hjelp frå land når problem oppstår om bord. Dette er knappast mogeleg i dag. Til det er løysingane som vert installert for lite fleksible og til dels «gammaldagse». NCMC AS vil ha ei sentral rolle i den maritime utviklinga, der ein ser nye produkt og løysingar som dukker opp grunna nye behov som vert skapte grunna den erfaringa som NCMC kan ta med seg inn i framtidige rederimøter/presentasjoner.

NCMC AS har under utvikling ein heilt ny Generisk IKT spesifikasjon til rederinæringa, der dei løysingane som vert spesifiserte også skal kunne bli demonstrerte i våre lokaler til dei same rederia. Reiaren vil dermed kunne prøve ut og teste løysingane før han går til endelg innkjøp.

NCMC AS har av fleire aktørar vorte oppmoda til å etablere ei form for godkjenningsmekanisme i å sette saman verftsleveransen opp i mot rederileveransen. I dag er her ingen som kan ivareta denne integrasjonen og verfta opplever altfor mange unødvendige feilsituasjonar grunna dette tema. NCMC AS vil ta eit grep i den retning.

Kva motiverar deg til å jobbe i NCMC AS:  Det er alle utfordringane med å lede og skape nye innovative løysingar til ei næring som sterkt etterspør dette. Saman med utvalde samarbeidspartnarar ser vi det er mulig å skape nye løysingar på tvers av bransjene.

Nemn minst ei positiv hending for bedrifta siste året: Det positive er at vi vert lagt merke til av internasjonale kommunikasjonsaktørar som ynskjer å nå den maritime næringa i regionen gjennom samarbeid med NCMC AS.

Kva fordelar er det ved å drive næring i Hareid: Vi er lokalisert midt i den maritime klynga på Møre. Vi har gode kommunikasjonskanalar ut av distriktet når vi har behov for det, kort veg alle veier. Vår lokalisering i Hareid sentrum syter for at alle som skal besøkje anna næringsverksemd i regionen må passere NCMC AS, nesten uansett.

Forhånd.12
Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010