
Avgiftsparkering i Hareid

07.01.2016
Fom 11. januar blir det avgiftsparkering i Hareid. Då vert det soneparkering i sentrum. Det vil seie at ein kan parkere på oppmerka parkeringsplassar. Parkeringsplassane i områda rundt ferje- og hurtigbåtkaia vert organiserte med betalingsparkering. Parkering rundt butikkar og andre forretningar vert tidsavgrensa og gratis i to timar.

19.11.2015
Næringslivet er svært uroa over vegstandarden på Fv 35 frå Hareid til Hjørungavåg. Det har vore ulykker og fleire nesten ulykker på strekninga. Slik vegen framstår i dag er den ikkje tilpassa den samansette og store trafikkmengda som ferdast på strekninga.

18. desember 2015
Mange hadde møtt fram til trekninga av det tradisjonelle julelotteriet fredag 18. desember i Parken. Det vart trekt 4 vinnarar.

11.11.2015
Dimo melder om ny ordre på hydraulisk utstyr til hekktrålar. Selskapet
har lykkast i få ordre på levering av hydraulisk bakdekksutstyr inklusive HPU til ein trålar som skal byggast i USA for ein amerikansk reiar.
Dette representerer eit gjennombrot for Dimo i nybyggingsmarknaden i USA.
Vi gratulerer!

15.12.2015
Vi ynskjer alle våre lesarar ei god jul og eit godt nytt år!

04.11.2015
Produksjonen går for fullt ved anlegget i Liavågen. 4. november ligg Liafjord ved kai og losser 1000 tonn NVG sild. Fabrikksjef Rune Hoddevik melder at denne silda skal vidare til Japan, Egypt og Ukraina. Dette er ei næring med vekstpotensial og anlegget i Liavågen ligg strategisk til -på fleire måtar.
123456Neste |