Fv 35 Hareid - Hjørungavåg treng snarleg oppgradering
_.jpg

19.11.2015
Næringslivet er svært uroa over vegstandarden på Fv 35 frå Hareid til Hjørungavåg. Det har vore ulykker og fleire nesten ulykker på strekninga. Slik vegen framstår i dag er den ikkje tilpassa den samansette og store trafikkmengda som ferdast på strekninga.

Ferske tal frå bedrifter som Pelagia, Spenncon, Hjørungavåg Transport, Brekke og Kleppe med fleire viser at det blir frakta omlag 200 000 tonn produksjonsmasse på Fv 35 årleg mellom Hjørungavåg og Hareid. Lasta går hovudsakleg på lastebil, hengar og container. Dette fordelar seg på ca 10 000 passeringar med tungtransport og tilsvarande antal passeringar(10 000) med returtransport og transport av emballasje samt maskiner.

Vegbana på denne strekninga er generelt sett dårleg / slitt, smal og sporete. På regnfulle dagar er det stor fare for vassplaning. - det handlar om sikkerheit, kommenterar Åge Bigset, Regiondirektør i Spenncon. -vegmyndigheitene snakkar om nullvisjon når det gjeld ulykker, vel, då bør det settast i verk tiltak på denne strekninga omgåande. Slik vi ser det er det kun eit tidsspørsmål før det smell igjen, kommenterer Bigset.

Rune Hoddevik, fabrikksjef på Pelagia, seier seg enig i kommentarane frå Bigset. - Pelagia er i perioder storbrukar av vegen og kombinasjonen tung last, djupe hjulspor, regnfulle dagar, mørk, smal og umerka veg, er slett ingen god kombinasjon. 

Hareid Næringsforum meiner fylgjande på plass for å betre sikkerheita

  • Lys og merking av vegbane
  • Utvide vegbane
  • Utbetre asfaltdekke
  • Etablere forbikøyringsfelt alt. trafikkøy i krysset v/ Rolls Royce Marine
  • Ev. reduksjon av fartsgrense på delar av strekninga (frå 80 til 60)
  • strekninga har fleire uoversiktelege avkøyringar
  • behov for å etablere gang og sykkelveg langs strekning
  • sikre kryssingspunkt ved Overåsanden (badestrand)

På Risneset har ein eit stort framtidig landbasert industriområde. Skal ein få full utnytting av dette industriområdet må infrastruktur som sikker og føremålsteneleg veg på plass fyrst.  

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010