Rekordstor julemesse på Ishavsmuseet
arrang_rane_av_rets_messe_webj_rn_landmark.jpg

12.11.2015
Komande helg, laurdag 14. og søndag 15. november, er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Messa i år er heilt fullteikna, og heile 48 utstillarar er på plass med standar blant isbjørn og moskus, over tre etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

Ishavsmuseet Aarvak og arbeidsnemnda for julemessa er stolte av å kunne by inn til ny julemesse ved Ishavsmuseet. Aarvakhuset er fylt med spanande mat, her vil de finne mykje både av kjøt og fisk, saft, sylte og honning. Frå dekket på ishavsskuta Aarvak kan du mellom anna sikre deg dei flottaste biffane av kvalkjøt, heimelaga fiskekaker, og polarolje.

Mat, kunst og kultur
Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Alle utstillarane deltek med naturlege og handlaga produkt. Arrangørane legg opp til at messa skal vere mest mogleg variert, og dette syner godt igjen blant dei mange ulike påmelde utstillarane i år.

Ikkje berre kan du gjere ein unik og flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram. I museet si fjerde etasje kan du kvile i sofakroken til polare filmar.

Skulle du bli svolten undervegs i handelen vil museet by på både bacalao, kjøtkaker, og andre smårettar, i tillegg til kaffi og kaker. I museet si første etasje vil du også finne Polarshopen ved museet som byd på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet.

Utstillarane på årets julemesse kjem frå mange kommunar og regionar, og i det høve kan det vere ekstra spanande og vitje messa i år. Her kan du sikre deg mykje fint handarbeid som strikk, smykke, kaker, lefser, vevnadar bøker, tre-arbeid, handlaga knivar, skinn av sel og sau, rakfisk, røykt sild og laks, spekemat, keramikk, glaskunst, akvarellar, og mange andre artiklar. Klosteret av De Heilage Kong Olav og Profeten Elias byd på heilage lys og gode såper. Vil du sjå kven alle utstillarane er, kan du vitje Ishavsmuseet si nettside.

Legg eit besøk til Brandal desse dagane og sjå kva alle desse utstillarane har å by på. Her kan du gjere unna store delar av julehandelen anten du jaktar julegåver, eller vil unne deg sjølv noko nytt.

Oss treffast i Brandal til helga!

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010