Stor trafikk ved Pelagia sitt anlegg
sild_hnf.jpg

04.11.2015
Produksjonen går for fullt ved anlegget i Liavågen. 4. november ligg Liafjord ved kai og losser 1000 tonn NVG sild. Fabrikksjef Rune Hoddevik melder at denne silda skal vidare til Japan, Egypt og Ukraina. Dette er ei næring med vekstpotensial og anlegget i Liavågen ligg strategisk til -på fleire måtar.

 

 

Pelagia (tidlegare Norway Pelagic) har siste åra gjort relativt store investeringar ved anlegget i Liavågen. Oppgradering av kaifaslitetar inkl. større pullerter og utvida frysekapasitet er nokre av disse tiltaka. Anlegget ligg strategisk til med omsyn til nærheit til dei store fiskebankane og sjøleia, her er godt tilflot og Liavågen ligg i le for ver og vind.

Sild blir eksportert i store mengder og går unna i marknaden. Dei fleste båtane som leverer til anlegget i Liavågen har 1 - 2 turar att. -så forventar vi nokre utanlandske båtar med makrell før sesongen roar seg, seier Hoddevik.

Hoddevik fortel vidare at dei sidan september har mottatt omlag 24 000 tonn sild. I førre veke skipa Pelagia i Liavågen avgarde 50 containarar og denne veka har dei sendt avgårde 30 contaniarar så langt. Når det gjeld makrell har anlegget lasta ut ca 12-13 000 tonn med makrell til Kina / Japan - alt saman over Hareid hamn. Det har vore stor trafikk over Hareid hamn, smiler Hoddevik, avslutningsvis, med eit glimt i auge.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010