

09.12.2015
Det løner seg å kome til Hareid i dagane framover....
For alle handlande på Hareid er frå 7. - 18. desember med i trekning av gåvekort / gåver levert av ulike handelsverksemder til ein verdi av omlag kr. 8000.-

23.11.2015
Denne fredagen blir det bedriftspresentasjon av Vik Ørsta. Vik Ørsta har kome langt i å ta i bruk automatisering og robotisering i produksjon. Kva endringar må til og korleis få ein effektiv produksjon? Adm. dir Kjetil Nesset vil også kome inn på trafikksikring, som er eit anna av konsernets fire fokusområder.
NB! Møtestad er Strandgt. 72 (Sparebanken Møre), tredje etasje – enkel servering

23.11.2015
Denne datoen er den offisielle markeringa av at julehandelen i Hareid er i gong. Butikkane byr på eit mangfald av julevarer, julemat og julepynt – vi oppmodar sjølvsagt alle om å gjere julehandelen lokalt i tida framover. I tillegg kan du oppleve både å drikke gløgg i gapahuk og plateslepp på Kakeriet denne dagen.

02.10.2015
Ellen Hareide Longva opna ny gåve og interiørbutikk - Rom for stil, i Solstrandbygget 19. september i år.

23.11.2015
Laurdag 28. november kl. 16 blir julegrana tend i sentrum. Då blir det appell ved fungerande sokneprest Kristian Myklebust. Hareid skulekorps spelar vakre juletonar og ein legg opp til allsong og gange rundt juletreet. Forsongar blir Paul Sandanger.
Vel møtt til ei trivelig ykt i førjulstida!
Polarkveld om Ernest Shackleton

16.11.2015
Det er hundre år sidan briten Ernest Shackleton forsøkte å bli den første til å krysse Antarktis frå kyst til kyst. Per Sennels – som bor i Røyken kommune i Buskerud – har skreve ei annleis polarbok om denne ekspedisjonen. Fredag 20. november gjestar han Ishavsmuseet med foredrag og bokpresentasjon.
Og for den som er svolten, byr Ishavsmuseet på nysteikt moskussteik til middag denne kvelden.
Forhånd.123456Neste |