Rekordstor julemesse på Ishavsmuseet
arrang_rane_av_rets_messe_webj_rn_landmark.jpg

12.11.2015
Komande helg, laurdag 14. og søndag 15. november, er det klart for årets julemesse ved Ishavsmuseet på Brandal. Messa i år er heilt fullteikna, og heile 48 utstillarar er på plass med standar blant isbjørn og moskus, over tre etasjar på Ishavsmuseet, og kring ishavsskuta Aarvak.

BKA kurs på Ressurssenteret i 2016
finger_opp.jpg

29.10.2015
Ressurssenteret tilbyr basiskompetanse - kurs (BKA) også neste år. I tillegg tilbyr dei gratis norskopplæring for arbeidinnvandrarar i 2016 (nytt).  
Søknadsfrist 11. november 2015.

Lutefisk på Ishavsmuseet

lutefisk_kveld.jpg

29.10.2015
Fredag 6. november byr Ishavsmuseets Venner til lutefisk-kveld på Ishavsmuseet kl. 19.00. Lutefisken vert naturlegvis servert med alt av godt tilbehør på stor buffet.


 

Frukostmøte 30. oktober
kaffekopp.jpg

29.10.2015
Velkomen til frukostmøte fredag, 30. oktober kl. 08 - 09. Då kjem Kristian Fuglseth frå høgskulen i Volda og gir ei innføring i kommunikasjonsstrategi - "korleis kome på trykk". I tillegg kjem Trine Pilskog, leiar ved Ressurssenteret, for å orientere om moglegheitene for å kunne tilby tilsette gratis norsk kurs og kva som skal til for å kunne nyttegjere seg dette tilbodet. 

” Frukostmøte – ein uformell arena der næringslivet kan møtest over ein kopp kaffi, ei grovskive og snakke over bordet..”

Vel møtt!

 

Hausthandel 10. oktober
handle_med_lupe.jpg

02.10.2015
Same helga som Hareidsstemna startar blir det hausthandel i sentrum. 10. oktober finn ein eit stort utval haustvarer og det blir høve til å gjere gode kjøp... Generelle opningstider er 10 - 15 denne laurdagen

Velkomen!   

Polarkveld på Ishavsmuseet
aarvak_hus_front_flagg.jpg

30.09.2015
Fredag 9. oktober kl. 19 blir det Polarkveld på Ishavsmuseet med Kjell Tokstad. Han gjestar Ishavsmuseet med foredraget "Frå nord til sør". Frå selfangst i nord til kvalfanst i sør, og oppbygginga av kvalstasjonen på Syd Georgia.

Forhånd.123456Neste
Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010