Ishavsmuseet inn i internasjonalt polart nettverk

aarvak_hus_front_flagg.jpg

02.11.2016
Ishavsmuseet kan stolt fortelje at no i oktober vart museet innlemma i det verdsomfattande polarnettverket POLAR MUSEUMS NETWORK, som er som ein paraply for dei aller viktigaste polare museum i heile verda. Stadig nye museum, universitet og institusjonar kjem til, og det syner viktigheita av dette polare nettverket. 

Webjorn Landmark  seier i ei pressemelding fylgjande:

Ishavsmuseet har over fleire år hatt samarbeidsavtale med Frammuseet, Svalbard Museum, og Pier 21 museet i Halifax, Canada. Dette viser at Ishavsmuseet gjennom slike polare nettverk speler ei viktig rolle i formidling av polar historie.

Dette er slike samarbeidspartnarar vår type museum treng, og er uhyre viktig for formidlinga av norsk samt internasjonal polarhistorie, og det viser kor viktig posisjon Ishavsmuseet har  fått med ansvaret for Formidling, Forsking og Forvalting av det som skal kommuniserast og visast.  Dette er sjølve grunnsteinen i Ishavsmuseet si ansvarsfulle rolle som formidlar av norsk polar, fangst -og kysthistorie

Ishavsmuseet har etterkvart fått ei så stor framtredande rolle i norsk polarformidling at det no har vorte behov for å ta nye viktige steg.

Ishavsmuseet kan derfor stolt fortelje at no i oktober vart museet innlemma i det verdsomfattande polarnettverket POLAR MUSEUMS NETWORK, som er som ein paraply for dei aller viktigaste polare museum i heile verda. Stadig nye museum, universitet og institusjonar kjem til, og det syner viktigheita av dette polare nettverket. Og det er med stoltheit å fortelje at oss vert sett på som viktige inn i dette samarbeidet.

Ishavsmuseet vart presentert og innlemma under eit skipingsmøte 21.-23. oktober på Frammuseet i Oslo, og fekk presentert seg der på ein skikkeleg måte.

Ishavsmuseet vart vel mottekne i dette forumet, og det skal ikkje verte vanskeleg og finne ein bra ståstad her, og alt under møtet vart det knytt gode kontakter som raskt vil utvikle seg.  

Dei som no er med i nettverket, og som Ishavsmuseet har samarbeid med, er:

  1. FRAMMUSEET, Oslo, NORGE
  2. POLARMUSEET, Tromsø, NORGE
  3. SVALBARD MUSEUM, Longyearbyen NORGE
  4. ISHAVSMUSEET AARVAK, Brandal NORGE
  5. GRENNÅ MUSEUM, SVERIGE
  6. NORDISKA MUSEET, SVERIGE
  7. P&Q HERITAGE  COLLECTION, ENGLAND
  8. ROYAL MUSEUM GREENWICH, ENGLAND
  9. GERMAN MARITIM MUSEUM, TYSKLAND
  10. THE PEARY-MCMILLAN ARCTIC MUSEUM, USA
  11. SCOTT POLAR MUSEUM, ENGLAND
  12. ANTARCTIC MUSEUM OF SOUTH AFRICA, SYD-AFRIKA
  13. MUSEO NAZIONALE DE`LLANTARTIDE, ARGENTINA
  14. NATIONAL INSTITUTE OF POLAR RESEARCH, JAPAN
  15. MUSEO MARITIMO DE USHUAIA, ARGENTINA
  16. INSTITUTO POLARE ZAVATTI, ITALIA

I tillegg til dette er fleire viktige og store universitet med, som berikar dette med all sin vitskap og kjennskap til den polare verda:

  1. YALE UNIVERSITY, ENGLAND
  2. THE ARCTIC UNIVERSITY OF NORWAY
  3. UNITED KINGDOM  HERITAGE  TRUST CAMBRIGDE, ENGLAND
  4. UNIVERISTY OF GOTHEBURG, SVERIGE
  5. DUNDEE HERITAGE TRUST, SKOTTLAND
  6. UNIVERISTY OF OXFORD, ENGLAND
  7. UNIVERISTY OF COPENHAGEN, DANMARK
  8. UNIVERISTY OF BUENOS AIRES, ARGENTINA

I tillegg må også nemnast at Nasjonalbiblioteket i Oslo er med, dei sit på mykje polar dokumentasjon, også mykje som angår Ishavsmuseet og våre utstillingar og dokumentasjon.

Så er også to viktige formidlarar av polar historie med, nemleg

  • ARCTIC PHOTO, ENGLAND
  • HEGENSCHEIDT, TYSKLAND

Alle som her er nemnt var med på skipingsmøtet i Oslo, og det er fantastisk inspirerande å vite at alle desse skal og kan samarbeide på ulikt vis, og assistere kvarandre, bistå kvarandre, og inspirerere kvarandre til å formidle den polare historia på ein god måte.  Det var tydeleg på møtet korleis dei ulike musea finn stoff og informasjon om kvarandre, og sit på informasjon og dokumenatsjon som kan delast. Ein kan finne ufatteleg mykje her som Ishavsmuseet kan dra nytte av, samstundes som alt det museet på Brandal formidlar, kan nyttast av alle dei andre. Det er få som har mykje om dei tema som Ishavsmuseet formidlar blant alle desse spanande institusjonane.

Ishavsmuseet er no stolt medlem i ein sterk fagleg, og kompetent polart nettverk. Det vil utvikle museet stort, og det er viktig for Ishavsmuseet at forholda vert lagt til rette for dette framover. At museet no er med i ein så verdsomspennande organisasjon, viser berre kor viktig Ishavsmuseet er i den polare verda, og det viser kva ansvar dette museet vårt har til å vekse å utvikle seg. Det er utruleg inspirerande å få vere med på dette, og  museet har gjennom dette vakse seg mykje større som ein ansvarsfull og viktig ambassadør for å formidle den polare historia.

Det er også klart at fleire museum og institusjonar vil kome til, det er alt signalisert frå Russland, Alaska, Finland at dei og vil vere med.

Dette gjer det polare nettverket viktigare og viktigare. Det er avtala at det skal haldast verdskonferansar annakvart år. No vart det skipa på Frammuseet, så skal den neste møtestaden vere London i 2018, før musea skal møtast i Amerika ein eller annan staden i 2020. 

På Ishavsmuseet gler vi oss stort til å samarbeide med alle desse spanande musea, universiteta, og arkiva, utveksle kunnskap, materiell og erfaringar, og ikkje minst formidle og marknadsføre den viktige polare historia i fellesskap.

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010