Polarkveld om Ishavsfararane på Ishavsmuseet

fredag_15_oktober.jpg

11.10.2016
Fredag 14. oktober er det Kjell G. Kjær som kjem til Ishavsmuseet med føredrag om Ishavsfarerne 1859 – 1909 under Polarkvelden i Hareidsstemna. Frå byssa på museet vert det servert klippfisk.

Kjell Kjær har nett kome med bok om ishavsfararane, og føredraget på Ishavsmuseet vert også ein bokpresentasjon.

Fredag 14. oktober er det Kjell G. Kjær som kjem til Ishavsmuseet med føredrag om Ishavsfarerne 1859 – 1909 under Polarkvelden i Hareidsstemna. Frå byssa på museet vert det servert klippfisk.
Kjell Kjær har nett kome med bok om ishavsfararane, og føredraget på Ishavsmuseet vert også ein bokpresentasjon.

Kjell-G. Kjær kjem frå Tromsø, og har studert historie ved Universitetet der. Han er forfattar av ei rekkje artiklar i årbøker og i «Polar Record» som vert gjeve ut av Universitetet i Cambridge. Tema i artiklane har vore Ishavet, skip, arktiske ekspedisjonar og fangst.
Det er eit imponerande stykke arbeid Kjær har lagt ned i boka si om Ishavsfararane. Med ei enorm liste av kjelder gjev det lesaren ei god moglegheit til å fordjupe seg vidare i historia. Kjær har brukt 12 år på å skrive denne boka, og den bør vere av største interesse for alle som interesserar seg for selfangstsoga og om ekspedisjonar i nordområda.
Selfangstflåten frå Sunnmøre vaks raskt frå 1898 av, og alt i 1906 gjekk Ålesund forbi Hammerfest og Tromsø målt i innført verdi av ishavsprodukt. Årsaka var selfangsten frå Brandal og områda rundt i Danmarkstredet og bottlenosefangsten drive ut frå Ålesund.

Ishavsbygda Brandal
I kapittelet «Brandal, bygda på Sunnmøre som ble Norges selfangsthovudstad» skriv forfattaren om driftige skipperar frå Brandal, som innleia selfangsten frå Møre. Her omtalar han korleis kapital frå handelshus i Ålesund og dyktige fangstmenn frå bygdene på Sunnmøre la grunnlaget for ein industri som kom til å vare i 100 år.

I føredraget sitt på Ishavsmuseet vil Kjell Kjær legge vekt på antall skip og fangsta dyr i 1898 samanlikna med tal på skip og fangstresultat for 1909. Kvifor denne svære utviklinga på Møre?
Vidare vil Kjær greie ut kva ishavsprodukta vart brukte til, og om Ishavet som la grunnlaget for vekst i Vest-Europa og Noreg, valutainntektene og ringverkningane av aktivitetane på Møre: skipsverft, reperbaner, garverier etc.
Han vil også fortelje om utvidingane av fangstfelta frå 1859 til 1909: Svalbard, Novaja Zemlja, Danmarkstredet, Kvitsjøen, Aust-Grønland og Franz Joseph Land.
I tillegg får vi høyre om Møringar på torskefiske ved Svalbard på 1870-1880-talet.

Det vert høve til å få kjøpe signerte bøker etter foredraget. I kafeen på museet står det klippfisk med godt tilbehøyr på menyen. Påmelding for dei som ønskjer middag.

Søndag 16. oktober ope 12-17. Film kl. 15.00 «Ei overvintring i Loch Fine på Nordaust-Grønland med ishavsskuta «Quest» , med den Franske Greve Gaston Micard i 1937-38». Fårikål i kafeen 13-17.

Hugs potetball med godt tilbehøyr kvar torsdag kl. 14-18 (t.o.m 1. desember)

Ishavsmuseet
70092004

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010