Trådkråa har fått ny drivar

sigrid_22_08_2016.jpg

23.8.2016
Fyrste august kom det inn ny drivar på Trådkråa. Då tok Sigrid Jønsson over etter Barbro Landmark. - dette blir spennande og eg gler meg, seier Sigrid spent.

Sigrid Jønsson tok over Trådkråa 1. august i år etter Barbro Landmark. Ho fortel at ho vil kome til å fortsetje med tråd og anna tilbehør som knappar, pinner, oppskrifter. Likeså barnekle for dei minste og merket Mole of Norway kan nemnast spesielt. Sigrid syr og strikkar sjølv og eigenproduserte handverksprodukt i eigen design vil også kome for sal.

Strikkekafé har vore populært tidlegare år og dette vil Sigrid halde fram med utover hausten. Ho kan også avsløre at ein kan glede seg til ulike spennande programpostar undervegs.

Strikking er populært, ikkje berre haust og vinter, men heile året. Tidlegare var det meir sesongprega. Mange unge startar med strikking no. Denne gruppa unge er aukande og for å imøtekome dei tenkjer Sigrid å ta inn hefter med oppskrifter av enkle plagg designa av unge mødre som er populære på sosiale media.

Vi ynskjer henne lukke til!

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010