Julelotteriet startar 9. desember
julelotteri_2013_utsnitt_nett.png

03.12.2013
Tradisjonen tru blir det julelotteri, også i år, på Hareid! Mandag 9. desember brakar det laust og julelotteriet held fram til 20. desember. I denne perioda er alle handlande med i trekninga av gåver / gåvekort sponsa av handelsverksemdene i Hareid. Trekning finn stad i parken 20. desember kl. 18 - dette året med heilt ny vri...

I år har vi forenkla trekninga av julelotteriet slik at det skal bli enda lettare for deg som handlande å være med. 

Kvar gong du handlar, i løpet av perioda 9. - 20. desember, får du utdelt ein lotterilapp. Denne skriv du namnet ditt på og tek med i parken på trekningsdagen. Der blandar vi alle innkomne lotterialappar i ei stor julegryte og trekk tre vinnarar. Om du er ein av dei tre heldige vinnarane må du gi deg til kjenne innan eit minutt etter at du har høyrt namnet ditt bli opplest. 

Velkomen til ein triveleg julehandel på Hareid!

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010