Juletretenning laurdag 30. november
juletre__hnf.jpg

25.11.2013
Laurdag 30.11 kl. 1600 blir julegrana tend i parken i Hareid sentrum. Der blir det allsong og gang rundt treet. Seansen ved julegrana blir avslutta med juletog til bedehuset og påfylgjande matsal samt leik og moro for heile familia. 

Hareid skulekorps spelar vakre juletonar og det blir gang og allsong rundt juletreet med Paul Sandanger som forsongar. Ungdomsprest Kristian Myklebust held appell. Avslutningsvis blir det juletog til bedehuset med påfylgjande matsal samt leikar og moro for heile familia. 

Arrangemetet er eit samarbeid mellom Hareid kommune, Hareid kyrkje, KFUM / KFUK, Hareid skulekorps og Hareid Næringsforum. 

Månadens bedrift!

 

 

HNF © 2010